Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seksjonssjef - Seksjon internasjonalt samarbeid

Søknadsfrist: 20.01.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seksjonssjef - Seksjon internasjonalt samarbeid

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger.

Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Forskings- og innovasjonsavdelinga er ein del av UiB sin sentraladministrasjon og har viktige strategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing. Avdelinga er knytt til universitetet sine satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, innovasjon, internasjonalt samarbeid og berekraft. Avdelingen er i utvikling og det skal nå etableres tre seksjoner, seksjon forskning, seksjon innovasjon og seksjon internasjonalt samarbeid. Vi søker etter tre seksjonssjefer som trives i et komplekst kunnskapsmiljø og som vil jobbe for å realisere UiBs strategi

Seksjonssjef - Seksjon internasjonalt samarbeid

UiB er eit breiddeuniversitet med høge ambisjonar for verksemda si. Seksjon internasjonalt samarbeid gir fagadministrativ støtte til universitetsleiinga og koordinerande tenester på ei rekke høgt prioriterte satsingsområde, som UiB sitt arbeid med FN sine berekraftmål og forskingssamarbeid knytt til institusjonelle partnarskap og nettverk. UiB har for tiden fleire særskilte satsingar på blant annet den nye Europeiske universitetsalliansen (ARQUS,) Kina og Nordområdene. Seksjonen vil jobbe tett saman med dei andre seksjonane på avdelinga. Seksjonssjefen har delegert personal- og resultatansvar for leveransar frå seksjonen, og vil inngå i avdelingsdirektøren si leiargruppe. Med stillinga vil det følgje ein del reising.

Arbeidsoppgåver:

  • Lede seksjonen sitt arbeid i tråd med avdelinga sine målsettingar
  • Sikre kvaliteten i seksjonen sine tenester og leveransar og sjå til at desse utviklar seg i takt med universitetets behov
  • Utvikle god arbeidsflyt, og legge til rette for teamarbeid på tvers av seksjonane i samarbeid med leiargruppa i avdelinga
  • Ha ansvar for utredningsoppgåver, forbetring- og endringsprosessar
  • Planlegge og prioritere arbeidsoppgåver på seksjonen sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på minimum nivå med mastergrad
  • Inngåande kjennskap til UH-sektoren og god forståing av internasjonalt samarbeid særleg knytt til forsking og til akademia generelt
  • Dokumentert erfaring med gode resultat frå leiing innan internasjonalt arbeid
  • Gode leiareigenskapar og en motiverande leiarstil, der kulturbygging, evne til gjennomføring og resultatorientering blir vektlagt
  • Relasjonsbyggjande eigenskapar og røynsle med internasjonal nettverksbygging og delegasjonsbesøk
  • Evne til å legge til rette for gode arbeidsprosessar, teamarbeid og godt samspel på tvers i eigen avdeling, for rektorat, fakultet og andre relevante fagmiljø i organisasjonen
  • At ein er personleg eigna for stillinga vert tillagt vekt

Vi tilbyr:

  • Eit sterkt kompetansemiljø med stor fagleg bredde  Et inkluderande og raust arbeidsmiljø som er opptatt av å dele kunnskap og jobbe i team
  • Høye ambisjonar og mål for internasjonalt samarbeid
  • Stilling som seksjonssjef (kode 1211) i 78 – 84 i det statlege lønsregulativet (For tida kr. 765 100 - 906 000) For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskings- og innovasjonsdirektør Benedicte Løseth, Benedicte.Loseth@uib.no eller mobil 91603900

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS