Ledig stilling ved Statped

Avdelingsleiar i Statped vest

Søknadsfrist: 29.09.2019

Avdelingsleiar i Statped vest - noko for deg?

Ønskjer du å leie endrings- og utviklingsarbeid i eit kompetansemiljø innan utdanningssektoren, då er kanskje Statped vest staden for deg. Vi har ledig stilling som avdelingsleiar i språk/taleavdelinga vår, og søkjer no etter ein ny leiar til avdelinga og leiarfellesskapet i regionen. I tillegg til å vere ein del av regiondirektøren si leiargruppe, vil du også vere ein del av eit leiarnettverk på tvers av dei fire regionane i Statped.

Statped

Statped er opplæringssektorens spesialpedagogiske tjeneste for kommuner og fylkeskommuner.Vi bidrar til tilpasset og inkluderende opplæring for barn, unge og voksne med særskilte opplæringsbehov i samarbeid med pedagogisk-psykologisk tjeneste.

Les mer på www.statped.no

Du vil som avdelingsleiar bli leiar i eit kompetent fagleg miljø med mange dugande medarbeidarar. Medarbeidarane i avdelinga har arbeidsoppgåver knytt til rådgjeving, kompetansespreiing, forskings- og utviklingsoppgåver. Mandatet til Statped og organiseringa av tenestene i Statped kan bli endra.

Både i regionen og gjennom leiarnettverket vil du kunne initiere og ta del i spennande leiaroppgåver. Statped har sett arbeid med digitalisering høgt på dagsorden, og dette er eitt av områda som det er høve til å vere med å utvikle vidare.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiar har ansvar for å ta del i strategisk utvikling av Statped vest som heilskap
  • Avdelingsleiar er ansvarleg for å vidareutvikle språk/taleavdelinga slik at den best mogeleg bistår brukarar, grupper av brukarar, kommunar og fylkeskommunar i regionen. Avdelinga skal også bidra til kompetanseutvikling og kunnskapsspreiing.
  • Den som vert tilsett skal bidra til vidareutvikling av Statped vest sitt tenestetilbod i dialog med kommunar og andre samarbeidspartar.
  • Samhandle med andre norske og internasjonale fagmiljø på området
  • Avdelingsleiar rapporterer til regiondirektør

Personlege eigenskapar

  • God til å kommunisere og samarbeide med andre
  • Kreativ og fleksibel
  • Sjølvstendig, analytisk og resultatorientert
  • Utviklingsorientert og kvalitetsmedviten
  • Interesse for bruk av digitale løysingar og beherske bruk av administrativ IKT verktøy
  • Personleg eigna

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein person med:

  • Relevant høgare utdanning på mastergradsnivå. Det kan vere utdanning innan logopedi, spesialpedagogiske fagområde, psykologi, pedagogikk eller anna.
  • Relevant leiarerfaring.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid kring oppvekstvilkår for barn og unge vil vere ein fordel
  • Gode system- og forvaltningskunnskapar
  • God kunnskap om norsk skule- og utdanningspolitikk
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne. Skriftleg framstilling på begge målformer
  • God rolleforståing

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest og elles rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og avtalar for tenestepersonar i staten.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein organisasjon som legg vekt på fagleg kvalitet i tenesteutøvinga og profesjonalitet i alle ledd
  • Gode høve til å påverke utviklinga av Statped sitt tenestetilbod
  • Gode kollegaar og ein organisasjon i utvikling
  • Stillinga vert løna som avdelingsleiar (st.kode 1407) i ltr 68-78 (p.t kr. 615.900- 765.100 brutto pr. år) avhengig av relevant utdanning og erfaring.
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • IA-verksemd
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med mellom anna tenestepensjonsordning og tilbod om bustadlån

Andre opplysningar

  • Antal stillingar 1
  • Fast
  • Arbeidsstad: Bergen
  • Stillingsbrøk: 100%
  • Reiseaktivitet: Den som vert tilsett må rekne med noko reiseverksemd
  • Kontaktinfo: Regiondirektør Gerd Ingunn Opdal 90620938

Arbeidsstyrken i staten skal spegle mangfaldet i befolkninga i størst mogeleg grad. Statped sitt mål i personalpolitikken er ei balansert samansetjing av alder og kjønn og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Søkjarane må vere merksame på at opplysningar om at dei har søkt kan verte offentleggjort, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga:

  • Gerd Ingunn Opdal (Regiondirektør), 906 20 938
Powered by Labrador CMS