Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Rådgjevar (administrativ leiar) - Institutt for biovitenskap (BIO)

Søknadsfrist: 12.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitenskap (BIO) er det ledig ei fast stilling som rådgjevar.

BIO har ansvaret for fleire eksternfinansierte senter og store forskings- og infrastrukturprosjekt (til dømes lakselussenteret, bioCEED, SPONGES og EMBRC Norge). Instituttet ønsker å styrke den administrative støtta til slike store initiativ. Den som vert tilsett vil gå inn i eit svært viktig team av forskingskoordinatorar ved instituttet.

BIO har vore vertskap for Lakselussenteret (Sea Lice Research Center – SLRC), eit nasjonalt Senter for forskingsdrevet innovasjon (SFI), i 8 år. BIO, saman med Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og universitetsleiinga, har ein tydeleg ambisjon om at den faglege aktiviteten på å motvirke problema med lakselus i oppdrettsnæringa skal fortsette, i tett samarbeid med industripartnarar og Havforskingsinstituttet. Den utlyste stillinga er tenkt å få sitt hovudansvarsområde inn mot administrativ leiing av vidareføringa av lakselussenteret.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene knytt til denne stillinga omfattar eit bredt spekter av administrative oppgåver der fleire av dei daglege oppgåvene vil bli utført i nært samarbeid med fagleg leiar av senter, og med administrasjonen ved Institutt for biovitenskap og fakultetet.

Døme på arbeidsoppgåver:

  • Administrativ leiing av lakselussenteret og andre store forskings- og innovasjonsprosjekt
  • Oppfølging av budsjett og økonomistyring
  • Oppfølging av kontraktar og informasjonsflyt
  • Personaladministrasjon
  • Kontakt med samarbeidspartnarar
  • Leiarstøtte og rådgjeving i samband med BIO sin aktivitet og ambisjonar retta mot auka volum på den eksternfinansierte forskingsaktiviteten. Tett samarbeid med akademiske partnarar nasjonalt og internasjonalt og med næringsliv og forvalting.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer etter ein ambisiøs, engasjert, fleksibel og sjølvstendig person som ønsker å bidra i eit aktivt og dynamisk forskingsmiljø samansett av studentar, stipendiatar, forskarar, professorar og ingeniørar frå ei rekke ulike nasjonar.

  • Det er ønskeleg med mastergrad, helst innan eit relevant fagområde som til dømes økonomi, leiing, administrasjon. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er ei føremon med erfaring innan eit eller fleire av følgande kompetanseområde: prosjektadministrasjon, ekstern finansiering, økonomistyring, kontraktsarbeid, informasjonsflyt, personalleiing og generell sakshandsaming.
  • Den som vert tilsett må kunne jobbe sjølvstendig og ta nødvendige initiativ der det trengst, i tillegg til å ha gode samarbeidseigenskapar.
  • Evne til å motivere, skape kontakt, utvikle nettverk og gode samarbeidsrelasjonar i eit internasjonalt og ambisiøst fagmiljø er svært viktig.
  • Den som vert tilsett må ha stor arbeidskapasitet og må evne å handtere fleire arbeidsoppgåver samtidig på en strukturert måte.
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg, er eit krav.

Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt fagleg utfordrande og fleirkulturelt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskapleg tilsette som driv forsking på høgt internasjonalt nivå
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58 – 66 (for tida kr 513 600 – 594 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Terje Restad, Institutt for biovitenskap, e-post: Terje.Restad@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS