Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seksjonsleder (Universitetsmuséet i Bergen)

Søknadsfrist: 29.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seksjonssjef

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Universitetsmuséet i Bergen, Avdeling for naturhistorie, har ledig ei fast stilling som seksjonssjef for Seksjon for Arboretet og dei botaniske hagane. Vi søkjer ein initiativrik og positiv seksjonssjef som klarar å skape engasjement både internt og eksternt. Vi ønskjer ein tydeleg og løysingsorientert leiar, som har evne til å samle, motivere og inspirere ein mangfaldig stab.

Seksjon for Arboretet og dei botaniske hagane inkluderer tre ulike hageanlegg;

1) Arboretet og

2) Botanisk hage med tilhøyrande produksjonsanlegg på Milde 23 km sør for Bergen, og

3) Muséhagen, ein historisk hage med utstillingsveksthus på UiB-campus på Nygårdshøyden.

Dei levande plantesamlingane blir brukt i forsking, formidling, undervisning og rekreasjon. Seksjonen har 24 fast tilsette, i tillegg til mellombels tilsette i sommarsesongen. Fire av stillingane er vitskaplege. Seksjonssjefen er sentral for samarbeid mellom dei tre hagane og på tvers av stillingskategoriane, og skal bidra til ein samla hageseksjon. Vi søkjer etter ein leiar med gode evner til å kommunisere, motivere og utøve leiarskap, og som raskt kan oppnå legitimitet og gode relasjonar til alle tilsette. Seksjonssjefen er fagleg og administrativ leiar av hageseksjonen og rapporterer til leiar for Avdeling for naturhistorie.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for å leie, koordinere og vidareutvikle forskings-, forvaltnings-, bevarings- og formidlingsaktivitetane ved seksjonen
  • Leie arbeidet med strategisk utvikling av hagane og hageseksjonen
  • Leie, motivere og inspirere seksjonens medarbeidarar
  • Overordna ansvar for økonomi, personalleiing og HMS ved seksjonen
  • Representere seksjonen internt ved Avdelinga/Muséet/UiB og eksternt
  • Samarbeide med Stiftelsen Det norske arboret og venneforeininga Arboretets venner
  • Samarbeide med botaniske hagar nasjonalt og internasjonalt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha:

  • Høgare utdanning på minst mastergradsnivå, helst doktorgrad, gjerne innanfor botanikk eller eit relatert fag (realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet)
  • Erfaring frå personalleiing, gjerne frå tilsvarande grupper med vitskaplege, administrative og tekniske stillingar
  • Erfaring frå økonomi- og budsjettarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg både på eit nordisk språk og engelsk

Vidare er det ønskjeleg med:

  • Kjennskap til universitetssektoren, ev. erfaring frå offentlig forvaltning
  • Kompetanse innanfor systematisk botanikk, plantekunnskap og kunnskap om nordisk flora
  • Erfaring frå arbeid med levande planter og/eller forvaltning av levande samlingar

I vurderinga vil søkjarens personlege eigenskapar bli sterkt vektlagt. Vi søkjer ein som:

  • Har autoritet og gjennomføringsevne, men som også er inkluderande og lyttande
  • Har gode samarbeidsevner, men kan arbeide sjølvstendig og målretta
  • Er flink til å kommunisere og motivere medarbeidarar
  • Har interesse for planter og forståing for botaniske hagar sine oppgåver
  • Kan prioritere i ein hektisk kvardag og samtidig arbeide mot overordna og langsiktige mål
  • Kan representere Arboretet og dei botaniske hagane på ein god måte og i tråd med UiB sin strategi

Vi tilbyr:

  • Ein spennande stilling med vidareutvikling av nokon av landets finaste hageanlegg og tilhøyrande forskings-, forvaltnings-, bevarings- og formidlingsaktivitetar
  • Eit hyggeleg, utfordrande og til tider hektisk arbeidsmiljø i flotte omgivnader
  • Løn etter stillingskode 1211 seksjonssjef i lønssteg 65 - 72 (for tida kr 576.100 – 658.300) i det statlege regulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Avdelingsleder Aino Hosia, e-post aino.hosia@uib.no, telefon 55582963

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS