Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiekonsulent ved Det juridiske fakultet (vikariat)

Søknadsfrist: 16.10.2019

Noregs mest populære utdanning treng fleire dyktige administrative medarbeidarar

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland,

Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Vil du vere med å forme framtida?

Studiekonsulent (førstekonsulent)

I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig eit halvt års vikariat i 100 % stilling som studiekonsulent (førstekonsulent), med moglegheit for forlenging. Tiltreding så raskt som mogleg.

Studieseksjonen bidreg til å utdanne framtidas juristar og ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag gjennom effektiv, etterretteleg og etisk bevisst administrasjon og forvaltning. Seksjonen arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle kvalitet i studiet og å forbetre og effektivisere interne prosessar og rutinar. Fakultetet var tidleg ute med digital eksamen, og nyttar i utstrekt grad digitale hjelpemiddel i både vurdering, utdanning og forskingsformidling.

Det juridiske fakultet tilbyr Noregs mest populære utdanning, femårig masterprogram i rettsvitskap og er blant dei leiande forskingsmiljøa i Norden innan strafferett, straffeprosess og politirett.

Arbeidsoppgåver

Ca. 50 % av stillinga er knytt til saksbehandling av sensurklager. Resten av arbeidstida er knytt til studieadministrative driftsoppgåver innanfor undervisning, eksamen og enklare saksbehandling, i tillegg til å avlaste kollegaer ved arbeidstoppar og fråvær.

Stillinga passar særs bra for deg som er fleksibel og tek ei utfordring på strak arm, samstundes som du kan arbeide etter godt utvikla prosess- og rutinerettleiingar. Du vil få varierte arbeidsdagar og må evne å halde hovudet kaldt i hektiske periodar.

Den som blir tilsett vil primært inngå i seksjonens studieårsgruppe, men kan også få andre studieadministrative oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • høgare utdanning, minimum bachelorgrad. Du treng ikkje ha juridiske emne i graden din, og kandidatar frå alle relevante fagområde blir oppmoda til å søkje
  • praksis og erfaring frå studieadministrativt arbeid, saksbehandling og prosjektarbeid. Erfaring frå organisasjons- og servicearbeid kan også vere relevant
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk, begge målformer
  • effektiv, ansvarsbevisst og fleksibel
  • evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på parallelle arbeidsprosessar og mange aktivitetar samstundes
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.

Vi kan tilby

  • varierte oppgåver og sjølvstendig ansvar
  • hyggelege kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
  • løn som førstekonsulent etter lønssteg 49 - 54 (p.t. kr. 442 300 – 479 600) (kode 1408/LR 21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:

  • Assisterande fakultetsdirektør og leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Velkommen som søkjar!

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS