Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Søknadsfrist: 08.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei 100 % fast stilling som seniorkonsulent/studiekonsulent frå 1. januar 2020.

LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap og digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 100 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 50 ph.d.-kandidatar og 15 personar knytte til administrasjonen.

Instituttets administrasjon skal legge til rette for at dei vitskapleg tilsette kan drive med undervisning, forsking og formidling av høg kvalitet. Den administrative drifta av instituttet er eit lagarbeid og alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre oppgåver enn dei som eksplisitt er lagde til stillinga.

Næraste overordna er studieleiaren ved instituttet.

Arbeidsoppgåver:

Til stillinga ligg det varierte studieadministrative oppgåver, som til dømes:

  • Vere administrativ kontakt for fagområda kunsthistorie og teatervitskap
  • Drive rekruttering, informasjonsverksemd og studierettleiing
  • Følgje opp utdanningsplanar og masterkontraktar
  • Arbeide for å hindre fråfall
  • Planleggje og avvikle eksamen og undervisning
  • Studieplanarbeid
  • Lage avtalar med interne og eksterne sensorar
  • Ymse sakshandsaming
  • Vere med i rutineutviklingsarbeid og ta del i fagleg-administrative nettverk
  • 20 % av stillinga er knytt til Informasjonssenteret ved Det humanistiske fakultetet.

Fordelinga av arbeidsoppgåvene kan bli endra.

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad eller anna utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje
  • Det er ønskjeleg med relevant erfaring
  • Kjennskap til eller bakgrunn frå kunsthistorie og/eller teatervitskap er ein føremon
  • God digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye IT-ferdigheiter
  • Kjennskap til felles studieadministrative system på universitetet er ein føremon
  • Erfaring med studieadministrasjon, eksamensadministrasjon og undervisningsplanlegging er ein føremon

Personlege eigenskapar:

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Anlegg for å ta initiativ, yte service og vere fleksibel
  • Evne til å halde orden i fasar med stort arbeidspress

Språk, skriftleg og munnleg

  • Begge målformer, nynorsk og bokmål
  • Gode engelskkunnskapar

Vi tilbyr:

  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Løn etter lønssteg 55–59 i kode 1363 i statens regulativ, for tida frå kr 487 600–522 800 . For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Studieleiar Signe Nilssen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon 55 58 88 23, e-post signe.nilssen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Send søknad og CV elektronisk via «SØK STILLINGEN» på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS