Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiekonsulent (førstekonsulent) - Institutt for informatikk

Søknadsfrist: 30.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studiekonsulent (førstekonsulent)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som studiekonsulent i studieadministrasjonen.

Digitalisering av næringsliv, offentlig forvaltning og utdanning gjer at informatikk speler ein stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Vi gir opplæring i programmering til alle studentar ved det matematisk- naturfaglege fakultetet gjennom kurset INF100, introduksjon til programmering. På grunn av den sentrale rolla som informatikk speler i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant av 50 stipendiatar og 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ein viktig utviding av vår aktivitet innan forsking og utdanning.

Studiekonsulenten rapporterer til administrasjonssjefen som er dagleg leiar av administrasjonen med til saman 9 medarbeiarar. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.

Den ledige stillinga er nyoppretta som følge av vekst i antall studentar og program og dertil studieadministrative oppgåver. Når denne stillinga er besett, vil det vere 4 årsverk knytt til studieadministrasjonen. Studiekonsulenten jobbar direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for sakshandsaming knytt til våre utdanningstilbod. Studieadministrasjonen ved vårt institutt har eit tett og godt samarbeid med studiekonsulentane ved fakultetet og dei andre institutta.

Arbeidsoppgåver

Du vil få varierte arbeidsoppgåver innan studieadministrasjonen.

Døme på oppgåver er:

  • Koordinering av undervisning i førstesemesteremnet INF100 som i dag har rundt 600 studenter. Studentmassen er estimert til å aukebetydeleg frå og med 2020 då alle studieprogramma ved fakultetet skal innehalde emnet INF100.
  • Administrativ kontaktperson for nyoppretta årsstudium i informatikk
  • Utvikling og koordinering av etter- og videreutdanningstilbod for mellom anna næringsliv gjennom til dømes webbasert fjernundervisning.
  • Sekretær for utdanningsleiar og programstyrene (møteinnkalling, referat, deltaking i ulike fora)
  • Koordinering og bistand for instituttet si faglege didaktikkgruppe som underviser grunnemner
  • Bistand til søknadskriving (EVU-midlar, utdanningsprisar, andre midlar og prosjekt som gjeld utdanning og studentrekruttering)
  • Kontakt med bedrifter og skoleverket når det gjeld arrangement for rekruttering eller opplæring
  • Rekruttering og koordinering av undervisningsassistentar og studentane si "orakelteneste".
  • Sakshandsaming-, utgreiing- og utviklingsoppgåver som krev sjølvstende og problemløysingsevne
  • Administrativ koordinator for oppretting og drift av praksisemne

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må normalt ha utdanning på minst bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis er eit føremon
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk vert krevd
  • Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter er naudsynt
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli sterkt vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt og internasjonalt samansett fagmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 46-55 (kode 1408/LR 21, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 420 700 - 488 000.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS