Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiekonsulent (Det samfunnsvitskaplege fakultet)

Søknadsfrist: 15.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som studiekonsulent ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga er knytt til Institutt for økonomi.

Studiekonsulenten er ein viktig støttespelar for instituttleiinga og administrasjonssjefen i arbeidet med å rekruttere, behalde og sikre at studentane gjennomfører sitt planlagde studium ved institutta.

For meir informasjon om fakultetet viser vi til: http://www.uib.no/svf/

Arbeidsoppgåver:

  • Administrativ støtte til instituttleiinga i utdanningssaker
  • Studieplanarbeid, kvalitetssikring og rutineutvikling
  • Studierettleiing, rekrutterings- og informasjonsarbeid
  • Generell studieadministrativ sakshandsaming
  • Internasjonalisering: Sakshandsaming av utanlandsopphald for studentar
  • Legge til rette for den praktiske gjennomføringa av utdanninga; frå undervisnings- til eksamensplanlegging
  • Sekretærfunksjon for undervisingsutval
  • For den rette kandidaten er kommunikasjonsarbeid aktuelt

Dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad. Det er ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen
  • Relevant praksis. Det er ein føremon med studieadministrativ praksis
  • God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som førstekonsulent etter kode 1408/LR21 etter hovudtariffavtalene i staten, ltr.51-55 avhengig av tenesteansiennitet. For tida utgjer det mellom 456.400 og 488.000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknaden skal merkast 2019/10583

Søknadsfrist: 15. august 2019

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS