Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studentmedarbeidarar (konsulentar) til Infosenteret ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 08.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Studentmedarbeidarar til infosenteret ved Det humanistiske fakultet

Infosenteret ved Det humanistiske fakultet har behov for inntil to studentmedarbeidarar (konsulentar) til skranken på infosenteret, med oppstart 01.01.2020 eller snarast mogleg etter dette. Stillingane lar seg kombinere med studiar og vi oppmodar studentar til å søkje.

Infosenteret ved Det humanistiske fakultet tilbyr informasjons- og rettleiingstenester for studentar på årsstudium, bachelor- og masterprogram. Det er lagt opp til omkring 1-2 vaktar per veke etter arbeidsplan, med moglegheit for ekstraarbeid etter avtale.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga har varierte oppgåver, med hovudoppgåver som:

  • Praktisk rettleiing i skranken ved infosenteret
  • Svare telefon og e-post.
  • Svare på konkrete spørsmål om emne og studieprogram ved fakultetet
  • Gi informasjon om eksamen og eksamensordningar samt gjeldande lover og regler.

Andre arbeidsoppgåver kan komme i tillegg til skrankevakt.

Vakttida kan variere innanfor infosenterets opningstider som er kvardagar kl. 10-14 (9-15 i studiestartvekene haust og vår). Infosenteret er ope delar av sommaren, men då med redusert opningstid (10-13).

Det er viktig at dei som blir tilsett har moglegheit til å jobbe ved semesterstart og kunne ta ekstravakter ved behov.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Det er ein fordel om du har god kjennskap til studieprogram, emne og grader ved Det humanistiske fakultet og til UiB generelt
  • God kjennskap til Studentweb, Mitt UiB og UiB sine nettsider
  • God erfaring med ulike typar programvare som arbeidsreiskap.
  • Du må kunne sette deg inn i detaljer, men samtidig halde oversikta
  • Du er serviceinnstilt, sjølvstendig og initiativrik.
  • Evne til å jobbe systematisk og ryddig
  • Fleksibel og stå-på-vilje

Erfaring frå og kjennskap til Det humanistiske fakultet vil bli positivt vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som konsulent (kode 1065) i lønnsramme 17, minimum alternativ 5, for tida tilsvarande 362 400,- i full stilling før skatt.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
  • Nødvendig opplæring vil bli gitt

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS