Stilling:

Seniorkonsulent (vikariat) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist 27.01.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing så snart som mogleg og fram til 31. desember 2019.

Den som vert tilsett, vil ha eit hovudansvar for sakshandsaming, informasjonsarbeid og rettleiing av studentar på dei fire første åra av profesjonsstudiet i medisin.

For meir informasjon om fakultetet og studieprogram, sjå her.

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing og informasjonsarbeid overfor søkjarar og studentar
  • Handsaming av søknader frå studentar og saker knytt til studieprogresjon
  • Koordinering av tidleg praksis i medisinstudiet
  • Kvalitetssikring og vidareutvikling av rutinar på området
  • Vakt på informasjonssenteret ved fakultetet

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis er eit krav. Det er ein føremon med erfaring frå studieadministrativt arbeid og prosjektarbeid.
  • God administrativ IT-kompetanse. Røynsle med læringsplattform og program som Felles studentsystem, ePhorte og Microsoft Office er ein føremon.
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på bokmål, nynorsk og engelsk.

Vi søkjer ein person som

  • er omgjengeleg, fleksibel, empatisk og serviceinnstilt
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • kan arbeida sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og målretta med oppgåver, bestillingar og fristar
  • er initiativrik og har god gjennomføringsevne

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 - 57 (for tida kr 464 800 - 497 000) i det statlege lønsregulativet. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef Ørjan Leren, e-post: Orjan.Leren@uib.no eller telefon 55 58 64 85.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS