Stilling:

Seniorkonsulent ved Det psykologiske fakultet

Søknadsfrist 6. januar 2019

Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent, studieprogramkoordinator hovudsakeleg knytt til administrasjonen kring profesjonsstudiet i psykologi.

Det psykologiske fakultet har for tida kring 1800 studentar fordelte på 14 studieprogram på bachelor-, profesjons- og masternivå. I tillegg kjem om lag 120 studentar på doktorgradsnivå. Stillinga er i dag knytt til studieseksjonen ved fakultetet og har kontorplass i Christies gt. 13, men kan framover vere ein ekstra ressurs for studieadministrativt arbeid plassert ved institutta.

Studieseksjonen har overordna administrativt ansvar for å koordinere, kvalitetssikre og utvikle fakultetet sine studieprogram på bachelor-, profesjons og masternivå. I dette inngår mellom anna eksamens- og kvalifikasjonsarbeid, informasjonsarbeid, studierettleiing, bruk av IT-baserte studieadministrative verktøy og studentrekruttering.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga inngår i programkoordinatorgruppa og har oppgåver knytt til administrasjon og oppfølging av studieprogramma ved fakultet. Dette vil mellom anna innebere:

  • sakshandsaming med vekt på overordna/komplekse problemstillingar og faglege utgreiingar, knytt til kvalitetssikring av studieplanar og emne.
  • vere sekretær for studieprogrammet sitt fagråd og skal følgje opp fagrådet sine vedtak og tilrådingar
  • vere sakshandsamar og administrativt bindeledd mellom fagrådet og institutta, og fagmiljøa som bidrar inn i studieprogrammet.
  • sørgje for fakultetet sin koordinerande funksjon for psykologutdanninga og har eit særskilt ansvar for dei avsluttande emna i utdanninga.
  • i tillegg vil seniorkonsulenten få ansvaret for avslutningsmarkering og vitnemål.
  • den som vert tilsett vil gå inn i bemanninga av informasjonssenteret ved fakultet
  • drifts- og utviklingsoppgåver
  • ivareta samarbeid med andre avdelingar og einingar ved UiB

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • relevant praksis er eit krav
  • kjennskap og praksis frå universitets- eller høgskulesystemet vil bli vektlagt
  • røynsle frå studieadministrasjon og eksamensarbeid er ein føremon
  • den som vært tilsett må kunne nytte begge målformer, og kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg på engelsk
  • arbeide sjølvstendig og målretta
  • ha god IKT- forståing
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsemner
  • være fleksibel og serviceinnstilt
  • ha omstilling og endringskapasitet
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for utvikling og kompetanseheving
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 51- 56 (kode1363/LR21), etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer for tida 449 000 – 488 100. For særleg kvalifiserte kandidatar kan fakultetet vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Slik kan du søkja

Søknad med CV og relevante vedlegg, som attestar og vitnemål må lastas opp i JobbNorge ved å klikke på «Søk stillinga». Søknadar som vert sende på e-post, og søknadar utan vedlegg vert ikkje vurdert.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjonen er lagt inn innan fristen.

Søknadsfrist: 6. januar 2019

Søknaden skal merkast: 18/13707

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fakultetssekretariatet ved:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga