Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (prosjektøkonom) - Institutt for Biomedisin

Søknadsfrist: 23.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig en fast stilling i administrasjonen som seniorkonsulent (prosjektøkonom) (100 %). Stillinga er en del av økonomi/forskningsseksjonen ved instituttet og rapporterer til administrasjonssjef.

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandlingsoppgåver innafor dei administrative fagområder, økonomi og forskingsadministrasjon.
  • Prosjektstøtte til prosjektleiarar i forhold til budsjettprosessar, ressurskartlegging, rapportering og oppfølging av prosjekta.
  • Administrativ søknadsstøtte, kontraktsoppfølging,
  • Bistand og koordinering i praktisk og administrativ håndtering av prosjektene, samt trekke inn anna administrative personell som bidrar i prosjektstøtte (HR, arkiv, juridisk vurdering av kontrakt osv.)
  • Økonomistyring av intern-/eksternfinansierte prosjekter.
  • Administrativ/økonomistøtte mot kjernefasilitetane.
  • Utviklingsoppgåver, her under utvikling og forbedring av prosjektverktøy.
  • Utarbeidelse og kvalitetssikring av kontrakter.
  • Utforming av analyser og prognoser knytt til prosjekta.
  • Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning tilpassa oppgåvene i stillinga. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • God forståing og erfaring frå alle prosessar i prosjektøkonomi er ein fordel; søknad, oppstarting, oppfølging, gjennomføring, rapportering, dialog med finansieringskjelde og avslutning.
  • Har du kjennskap til handsaming av EU-prosjekta er det ein fordel.
  • Relevant erfaring frå tilsvarande verksamd er ynskeleg.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer.
  • Gode engelskkunnskapar er viktig, då ein stor del av dei tilsette er framandspråklege
  • God IT-kompetanse og røynsle med program som PagaWeb, PA, Tableau og ePhorte vil bli lagt vekt på

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Det forventas at du både initierer og bidrar til utvikling
  • er sjølvstendig, positiv og tek initiativ.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 (for tida kr 480 600-534 100). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Janne Gotaas Tlf. 55586322, janne.gotaas@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS