Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (mellombels) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 10.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei to-årig mellombels 100 % stilling som seniorkonsulent, med snarleg oppstart.

Stillinga er knytt til det strategiske området Globale samfunnsutfordringar ved Universitetet i Bergen, som fakultetet har ansvar for. Den tilsette vil ha arbeidsplass i administrasjonen til Globale samfunnsutfordringer som er samlokalisert med Senter for internasjonal helse, Institutt for Global helse og samfunnsmedisin.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er ei prosjektstilling og begrensa til det administrative arbeidet som følgjer planlegging og gjennomføring av ein stor internasjonal kongress som Universitetet i Bergen har ansvar for å arrangere: European Congress for Tropical Medicine and International Health i 2021.

Oppgåvene til den tilsette vil mellom anna vera å

  • ha ansvar for arrangement-komitémøter i inn- og utland; til dømes å bidra til praktisk organisering av møta med utsending av agenda, rombestilling, bestilling av reiser, hotell, matservering, lage økonomioversikt, og referatskriving
  • halde kontakt med og jobbe opp mot komitédeltagarane som planlegg kongressen, både nasjonale og internasjonale
  • ha ansvar for møter med mogelege sponsorar for kongressen, til dømes arbeid med adresselister, organisering av møter og reiser til sponsorar
  • delta i utvikling av avtalar med sponsorar
  • ha ansvar for administrativt arbeid rundt søknadsstøtte for søknadar om midlar til kongressen (i samarbeid med forskarar),
  • delta i utvikling og gjennomføring av kommunikasjonsarbeid som støttar kongressen
  • delta i administrativt og praktisk arbeid for gjennomføring av kongressen

Administrativ leiar for det strategiske området Globale samfunnsutfordringar vil vera næraste overordna, men til dagleg vil vedkomande og arbeida tett med direktøren for dette strategiske området ved UiB.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • relevant praksis er eit krav
  • det vil vere ein føremon med erfaring frå arbeid med globale problemstillingar og internasjonalt arbeid
  • det vil vere ein føremon med erfaring frå arbeid med marknadsføring/sal, og røynsle med sponsorarbeid vil bli vektlagt
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt, som evne til å jobba sjølvstendig, vere løysingsorientert, handtera fleire saker samstundes, fleksibilitet og evne til samarbeid
  • mykje av kommunikasjonen om kongressen vil vera på engelsk, så søkjar må kunne både norsk og engelsk flytande, munnleg og skriftleg. Det vil og vere ein føremon om ein meistrar andre språk.
  • den som får stillinga må like å jobbe i eit dynamisk miljø, og vere innstilt på at det kan verte noko reiseverksemd

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53-57 (for tida kr 472 000 - 504 700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • nedlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Direktøren for Globale samfunnsutfordringar, Bente Moen, tlf.: 90025541, e-post: Bente.Moen@uib.no, eller
  • Administrativ leiar for Globale samfunnsutfordringar, Ingvild Hope, tlf.: 55 58 85 52, e-post: Ingvild.Hope@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS