Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (forskingskoordinator / siviløkonom) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)

Søknadsfrist: 18.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Seniorkonsulent (forskingskoordinator/siviløkonom)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent (forskingskoordinator/siviløkonom) (100 %) frå hausten 2019. Stillinga er knytt til Fagområde for Etikk og Helseøkonomi med særskild ansvar for nytt senter «Bergen Center for Ethics and Priority Setting», BCEPS. Arbeidsstad vil vere i Årstadveien 21 og stillinga inngår i instituttet si administrasjonsgruppe. Administrasjonssjefen har det formelle personalansvaret for stillinga, med tett samarbeid med senter- og fagområdeleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • koordinering av BCEPS og andre forskingsprosjekt i fagområdet
  • sakshandsamingsoppgåver, organisering av møter og konferansar, med høve til noko utgreiings- og utviklingsoppgåver
  • formidling, mellom anna utforming av ’policy briefs’ og oppdatering av senteret og fagområdet sine internettsider
  • prosjektadministrasjon og oppfølgjing av prosjektøkonomi
  • bidra til søknader om forskingsmidlar, avtaler om forskingssamarbeid, budsjett- og rapporteringsarbeid
  • det må reknas med noko reising i stillinga
  • arbeidsspråket er både norsk og engelsk

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad. Vi oppmodar siviløkonomar til å søkje. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • søkjar må vere flytande i skriftleg og munnleg engelsk
  • søkjar må ha relevant praksis

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • synast det er spanande å møte nye folk, spesielt frå andre land og annan kultur
  • finn seg til rette i et hektisk miljø og kan handtera mange oppgåver samstundes
  • utdanning og realkompetanse i prosjektadministrasjon er ein føremon

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga:

  • lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • seniorkonsulenten kan bli pålagt arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjelde

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 488 000-542 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Ole Frithjof Norheim, tlf.: 55 58 61 45, e-post: Ole.Norheim@uib.no eller
  • Administrasjonssjef Siri Smith, tlf.: 55 58 63 42, e-post: Siri.Smith@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS