Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (eksamenskonsulent)

Søknadsfrist: 19.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Seniorkonsulent (eksamenskonsulent) i studieseksjonen

Ved Det psykologiske fakultet er det ledig fast stilling som seniorkonsulent (eksamenskonsulent) i studieseksjonen frå 1. juni 2019.Stillinga er knytt til studieseksjonen ved fakultetssekretariatet og har sin arbeidsplass i Vektergården, Christiesgt.13. Fakultetet skal flytte store delar av verksemnda inn i nye lokaler i 2020 og 2021, og det er starta ein prosess for å sjå på kva som er ei føremålstenleg organisering av administrasjonen. Dette kan føre til endringar i arbeidsstad og stilling.Stillinga inneber mellom anna ansvar for kvalitetssikring, utviklings- og utgreiingsarbeid innan eksamensfeltet. Den som vert tilsett vil bli ein del av fakultetets eksamensgruppe, som tel fire medlemmar. Til stillinga ligg også leiaransvar for fakultetets informasjonssenter og hovudansvar for planlegginga av studentmottaket ved semesterstart.Eksamenar blir haldne gjennom heile semesteret.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge, koordinere og utføre praktisk arbeid omkring eksamensavviklinga
  • Planlegging og gjennomføring av studentmottaket ved semesterstart.
  • Leie fakultetet sitt informasjonssenter og vere vår representant i UiB-nettverket for informasjonssentre
  • Sakshandsaming knytt til inndraging av studierettar, eksamen og beslekta felt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Det er ønskeleg med mastergrad, gjerne kombinert med relevant administrativ praksis og/eller spesialkompetanse tilpassa oppgåvene stillinga skal dekkje
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvaltning er ein føremon. Det same gjeld erfaring frå studieadministrativt arbeid og sakshandsaming innan offentleg forvalting
  • God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og andre digitale verkty er ein føremon.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både i norsk (begge målføre) og engelsk
  • Kunne arbeide selvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å motivere, inspirere og fremje samhandling
  • Fleksibel og serviceinnstilt
  • Sans for kvalitet i arbeidet, prioriteringsevne og nøyaktighet

Relevant praksis (erfaring frå studieadministrativt arbeid, sakshandsaming o.l.) og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 51-56 (for tida kr 449 000 - 488 100) i det statlege lønsregulativet
  • Hyggelege kollegar
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida

Slik søkjer du:

Søknad med CV og relevante vedlegg må lastas opp i JobbNorge ved å klikke på "Søk stillinga". Søknadar som vert sende på e-post og søknadar utan vedlegg vert ikkje vurderte. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er ditt ansvar å sørgje for at all nødvendig informasjon er lagt inn innan fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS