Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (80 % vikariat) - Institutt for klinisk odontologi

Søknadsfrist: 26.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent (80 % vikariat)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (80 %) med tilsetjing så snart som mogleg og til 31.12.2020.

Institutt for klinisk odontologi er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet. Institutt for klinisk odontologi har ansvar for utdanning av tannlegar og tannpleiarar ved Universitetet i Bergen, samt spesialistutdanning i odontologi, kvalifiseringsprogram for tannlegar frå land utanfor EU/EØS og forskarutdanning. Instituttet driv forsking på høgt internasjonalt nivå.

Administrasjonen ved instituttet har ansvar for administrasjon av studieprogram, forsking, personal og økonomi. Den utlyste stillinga vil ha ansvarsområde knytt til administrativt arbeid med ph.d. utdanning, forsking og formidling. Næraste leiar er administrasjonssjefen ved instituttet.

Arbeidsoppgåver:

  • Administrasjon (20 %) av NORPART-2018/10277 prosjektet «Establishment of joint research-based education in dentistry in Norway and East Africa».
  • Forskingsadministrativt arbeid på instituttet. Oppfølging av prosjekter.
  • Informere om søknadsfristar og koordinere søknadsprosessar ved instituttet, i samråd med forskingsrådgjevarane ved fakultetet.
  • Administrering av dobbeltkompetansekandidatane ved instituttet, og inneha sekretariatsfunksjon for dobbeltkompetanseprogram samlingar på nasjonalt nivå.
  • Oppfølging av ph.d.-kandidatar – frå oppstart/opptak til disputas – mellom anna årlege samtalar med alle kandidatar og innspurtsamtale med dei som nærmar seg sluttføring.
  • Forskarutdanning – arrangere ph.d.-seminar og midtvegsevaluering.
  • Koordinatoransvar for disputasar.
  • Koordinatoransvar for andre forskings- og formidlingsarrangement.
  • Rapportering av forskingsresultat og statistikkar. Kvalitetssikring av publiseringsregistrering – CRISTIN.
  • Web og formidling.

Høgt kvalifiserte saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis er eit krav
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og god administrativ IT-kompetanse
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 (for tida kr 480 600 - 534 100). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Signe Solberg tlf.: 55 58 66 88 / 91560933

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS