Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent - Offentlege anskaffingar / kontraktar - Økonomiavdelinga

Søknadsfrist: 18.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.

Seniorkonsulent - Offentlege anskaffingar/kontraktar

Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for innkjøp, er det ledig ein fast 100 % stilling som seniorkonsulent. Du vil bli ein del av eit team som både handsamer enkeltanskaffingar og rammeavtaler for heile universitetet.

Seksjon for innkjøp har ei viktig rolle for at universitetet skal nå sine mål både kva gjeld fagleg og administrativ aktivitet, samt målsettinga om eit berekraftig universitet. Seksjon for innkjøp har ansvar for alle interne og eksterne forhold som gjeld innkjøp ved universitetet, og har tilsette med økonomisk, juridisk og teknisk bakgrunn med særleg kunnskap om anskaffingar. Seksjonen gir støtte og råd til universitetets fakultet, institutt, avdelingar og dotterselskap. Seksjonen arbeider tett med fagpersonar og andre bidragsytarar for å finne dei beste løysingane.

UiB kjøpar for ca. 1 milliard pr. år, og seksjon for innkjøp består av 18 årsverk. Seksjonen er delt i to grupper; kontraktgruppa og bestilling til betaling (BtB) gruppa. Vi bruker digitale verktøy og malar, og arbeider kontinuerlig med forbetring av desse.

Vi søker ein allsidig, kompetent og fleksibel medarbeidar som er interessert i innkjøp som fag og som har interesse for universitetets kjerneverksemd (forsking, undervisning og formidling) og god forståing for vår servicerolle samt det å vere støttefunksjon

Arbeidsoppgåver:

Som del av kontraktgruppa skal du sørge for og leie gjennomføring av offentlege anskaffingar på ein god og kostnadseffektiv måte innanfor regelverket:

  • Utarbeide strategiar for anskaffingar
  • Utarbeide leverandøranalyser og marknadsundersøkingar
  • Gi støtte og råd ved større enkeltkjøp: - Utforme invitasjonar og konkurransegrunnlag - Evaluere tilbod og tildele kontraktar - Forhandle kontraktar - Administrere og følgje opp inngåtte kontraktar
  • Leverandørutvikling
  • Kontroll og tilsyn av rammeavtaler
  • Informasjonsarbeid og medverking ved interne kurs

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Har høgare utdanning på minst masternivå, med økonomiske, juridiske eller tekniske fag i fagkretsen. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i spesielle tilfelle oppnåast gjennom lang og allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • Evne til å ta initiativ og samarbeide
  • Gode evner til skriftleg og munnleg formulering
  • Gode kvalifikasjonar i engelsk både skriftleg og munnleg
  • Det er en fordel med relevant praksis
  • Det er en fordel med kunnskap om eller kjennskap til regelverket for offentlege anskaffingar

Den som blir tilsett må vere villig til å tileigne seg nødvendig kompetanse.

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i et godt arbeidsmiljø
  • Opplæring
  • Tilsetting som seniorkonsulent (kode 1363)i ltr. 60-67 i det statelige regulativet(For tida kr. 532 300 - 605 500). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Innkjøpssjef Kjetil Skog, 55 58 20 53, epost: kjetil.skog@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida - «Søk denne stilling» - til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk denne stilling

Powered by Labrador CMS