Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 27.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin er det ledig ei stilling som seniorkonsulent (100 %) ved studieseksjonen. Institutt for biomedisin er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet. Institutt for biomedisin har ansvar for fakultetet sine basalmedisinske fagmiljø.

Den utlyste stillinga vil ha ansvarsområde knytt til administrativt og praktisk tilretteleggingsarbeid for instituttets kursportefølje og studieprogram. Instituttet har eit særskilt ansvar for fakultetet sitt masterprogram i biomedisin.

Arbeidsoppgåver:

  • stillinga vil ha hovudansvar for administrasjon av masterprogrammet i Biomedisin.
  • opptak av nasjonale og internasjonale studentar
  • mottak og rettleiing/bistand undervegs av masterstudentar, arbeid mot mastereksamen
  • kontakt med nettverksgruppe for masterprogram ved fakultetet.
  • timeplanlegging og eksamensarbeid.
  • kvalitetsutvikling og oppfølging av emne og studieplanar
  • rutineutvikling og kvalitetssikring
  • stillinga kan innebere oppgåver som krev spesialkompetanse

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • mastergrad innan eit av instituttets fagområde eller tilsvarande utdanning. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • erfaring frå arbeid med koordinering og teamarbeid
  • evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på båe målformer; nynorsk og bokmål samt engelsk
  • erfaring frå studieadministrativt arbeid er ein føremon
  • erfaring og kjennskap til elektroniske studieadministrative verktøy er ønskeleg

Vi søkjer ein person som har

  • gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • er strukturert og med gjennomføringsevne
  • digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • kjennskap til, og forståing for dei ulike emna som det undervisast i ved instituttet vil vere ein føremon.

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53-57 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 472 000-504 700. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Leder for studieseksjonen Bianca C. Nygård tlf.: 55 58 63 33, eller
  • Administrasjonssjef Janne Gotaas tlf.: 55 58 63 22

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS