Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent (vikariat) - Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Søknadsfrist: 24.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent (vikariat)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig eit 100 % vikariat som førstekonsulent innan studieadministrasjon med oppstart 01.01.2020 og til og med 31.08.2020. Vikariatet er knytta til en foreldrepermisjon. Stillinga er lagt opp som programkoordinator for logopediutdanninga, og generell studieadministrasjon for andre emner ved instituttet.

Stillinga er i dag knytt til Institutt for biologisk og medisinsk psykologi med kontorplass i Jonas Lies vei 91, men har i tillegg oppgåver knytt til fakultetet sin studieseksjon.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar allsidige oppgåver innan studieadministrasjon, med hovudoppgåve som programkoordinator for masterprogrammet i logopedi og studieadministrasjon knytt til instituttets andre studieprogram. Den som vert tilsett vil også vere sekretær for Undervisingsutvalet ved instituttet. Stillinga har noko arbeid ved Informasjonssenteret til det psykologiske fakultet i Christies gate 12. Oppgåvene i stillinga kan verte justerte ut frå behov ved instituttet og fakultetet.

  • oppgåver som rettleiing, opptak, sakshandsaming, praksis, eksamen, timeplanlegging, utgreiing, kvalitetsarbeid og utvikling knytt til logopediutdanninga og andre studie ved instituttet
  • sekretær for, og særskilte oppgåver knytt til utgreiing av saker for, undervisingsutvalet på instituttet
  • bemanning av informasjonssenteret vil også inngå i stillinga
  • arbeidet som førstekonsulent vil krevje eit aktivt samarbeid med andre avdelingar og einingar ved Universitetet i Bergen
  • saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • høgare utdanning fortrinnsvis på masternivå, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i særskilde tilfelle oppnåast gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning
  • det vil bli lagt vekt på kjennskap og praksis frå universitets- eller høgskulesystemet
  • stillinga krev gode IKT-kunnskapar og erfaring frå arbeid med IKT-baserte læringssystem er ein føremon, likeeins røynsle frå studieadministrasjon
  • den som vert tilsett må kunne nytte begge målformer og må kunna godt skriftleg og munnleg engelsk
  • kunne arbeide sjølvstendig og målretta
  • vere fleksibel og serviceinnstilt
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 51 - 55 (kode 1408/LR 21, alternativ 6-10) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Direkteplassering kan verte aktuelt. Dette utgjer for tida kr 456 000 - 487 600
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Slik kan du søkje:

Søknad, CV og relevante vedlegg, som attestar og vitnemål må lastas opp i Jobbnorge og sendes elektronisk via lenke på denne sida. Søknader som vert sende på e-post, og søknadar utan vedlegg vert ikkje vurdert.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sittansvar å sørgje for at all informasjon vert lagt inn innan fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS