Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent ved Seksjon for Dokumentasjonsforvaltning - HR-avdelinga

Søknadsfrist: 08.11.2019

Førstekonsulent

Ved Seksjon for Dokumentasjonsforvaltning på HR-avdelinga er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent.

Arbeidsoppgåver:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Den som vert tilsett vil delta i drift og utvikling av arkivfunksjonane ved Universitetet i Bergen, som mellom anna femnar om følgjande oppgåver:

  • Postmottak, sak og dokumentregistrering, kvalitetskontroll og journalføring
  • Utvikling og vedlikehald av dokumentmalar og digitale skjematenester
  • Oppfølging av krav om dokumentinnsyn
  • Forvaltning av eldre arkiv
  • Brukarstøtte og rettleiing til sakshandsamarar og leiarar
  • Brukar- og systemadministrasjon
  • Produsere offentleg journal og følgje opp interne og eksterne spørsmål om informasjon/dokumentasjon

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarane må ha høgre utdanning på minst bachelor-nivå eller tilsvarande utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan oppnåast gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning.
  • Vi søkjer ein serviceinnstilt, fleksibel, kvalitets- og resultatbevisst medarbeidar med gode samarbeidsevner.
  • God generell IT-kunnskap, kjennskap til administrative datasystem, brukarstøtte og praktisk røynsle frå områda elektronisk dokumenthandsaming og arkiv vil bli vektlagt.
  • Forståing for og erfaring med systemintegrasjon og standardiserte format for utveksling av data
  • Det er ei føremon med røynsle frå bruk av ePhorte sak-/arkivsystem og frå handsaming av krav om dokumentinnsyn
  • I vurderinga vil også evne og interesse for brukarstøtte til sakshandsamarar og andre brukarar av sakshandsamings- og arkivsystem bli vektlagt. Relevant erfaring er ei føremon, men det viktigaste er at du er motivert for å jobbe innan fagområdet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt, inkluderande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 46 - 53 (for tida kr 420 700 - 472 000) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vera aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne og/eller hull i CV blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen