Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent (studieadministrasjon) - Institutt for fysikk og teknologi

Søknadsfrist: 17.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei fast stilling knytt til studieadministrasjon og informasjonsarbeid.

Studiekonsulenten inngår i ein instituttadministrasjon på 7 medarbeidarar og rapporterer til administrasjonssjefen som er dagleg leiar av administrasjonen. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.

Studiekonsulenten jobbar direkte mot studentar og vitskaplege tilsette og har ansvar for administrativ sakshandsaming knytt til utdanningstilbod og studentar ved instituttet. Studieadministrasjonen ved instituttet har tett samarbeid med studiekonsulentane ved fakultetet og dei andre institutta.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga vil innebera varierte oppgåver innan studieadministrasjon.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna omfatta

  • Hovudansvar for administrasjon av bachelorprogram i fysikk
  • Oppfølging av saker for programstyret i fysikk
  • Eksamensadministrasjon og timeplanlegging
  • Emneevaluering
  • Vurdering av opptaksgrunnlag til PPU
  • Generell sakshandsaming innan studieadministrative saksfelt
  • Oppgåver knytt til utviklingssemesteret i bachelorgraden
  • Studierettleiing
  • Informasjonsarbeid knytt til eige ansvarsområde
  • Som tilsett i administrasjonen må ein ved behov ta del i generelle administrative oppgåver innanfor seksjonen sitt arbeids- og ansvarsområde

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant fagkrets vil vera ein fordel
  • Det blir lagt vekt på erfaring frå studieadministrativt arbeid.
  • Relevant administrativ IT-kompetanse er ein fordel, særleg erfaring med systema FS og ePhorte.
  • Kunnskap om relevant lov- og avtaleverk og erfaring frå offentleg forvalting og universitets- og høgskulesektoren vil også vera ein fordel
  • Den som vert tilsett må
    • Ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
    • Vera fleksibel, initiativrik, løysningsorientert og serviceinnstilt
    • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Det vart kravd god skriftleg framstillingsevne på bokmål og nynorsk samt engelsk skriftleg og munnleg

Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 51-55 (kode 1408/LR21.10) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 456 400 – 488 000. For spesielt kvalifiserte kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS