Stilling:

Førstekonsulent / seniorkonsulent (forskingskonsulent) - vikariat

Søknadsfrist 5. august 2018

Ved Det medisinske fakultet er det ledig eit 100 % vikariat som førstekonsulent/-seniorkonsulent (forskingskonsulent) frå 13.09.2018 til 26.04.2019.

Til stillinga ligg det oppgåver knytt til arbeid med forskarutdanning, forskingsadministrasjon, informasjon og rådgjeving av institutta og fakultetet sine forskingsmiljø. Den som vert tilsett vil inngå i Seksjon for forskingsadministrasjon som er ein av fem seksjonar i fakultets-administrasjonen.

Seksjonen tel 8 medarbeidarar som arbeidar i team med dekanatet om mellom anna utvikling av forskingsstrategiar, prosjektutvikling, rådgjeving og søknadsstøtte. Seksjon for forskingsadministrasjon har programansvar for forskarutdanninga, ivaretek forskingsrådgjeving, koordineringsoppgåver på tvers av institutta, utgreiingsoppgåver og prosjektstøtte for leiinga, samt spesialist- og sakshandsamingsoppgåver. Arbeid med innovasjon og kommersialisering er også eit nytt satsingsområde ved fakultetet.

For meir informasjon om fakultetet vises til: http://www.uib.no/med

Arbeidsoppgåver:

- arbeid knytt til ph.d. programmet frå opptak til disputas

- kvalitetssikring, rutineutvikling og rapportering

- rådgje institutta i forskings- og forskarutdanningssaker

- oppfølging av Helseforskingslova og Personopplysningslova

- bidra til leiarstøtte, planarbeid, utgreiings- - og utviklingsoppgåver

Stillinga kan verte tillagt andre administrative oppgåver.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef Tone Friis Hordvik på e-post tone.hordvik@uib.no , eller på telefon 97001134/55588689.

Kvalifikasjonar:

  • mastergrad eller tilsvarande utdanning tilpassa oppgåvene i stillinga. Tilsvarande kvalifikasjonar kan ein oppnå gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning.
  • erfaring frå forskarutdanningsadministrasjon og anna administrativ erfaring er ein føremon
  • god generell IT-kompetanse
  • det er ynskjelig med erfaring og kjennskap til fellessystema som UiB nyttar til forskingsadministrativt arbeid (til dømes FS, ePhorte, CRIStin)
  • god skriftleg og munnleg engelsk og norsk

Personlege eigenskapar:

  • sjølvstendig, effektiv, strukturert og målretta
  • nøyaktig og pliktoppfyllande
  • initiativrik, serviceinnstilt og med god gjennomføringsevne
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Ved vurdering av søkjarane vil personlege eigenskapar og kvalifikasjonar som er naudsynte for stillinga, verte sterkt vektlagde.

Vi kan tilby

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Fleksibel arbeidstid og pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 51-53 (for tida kr 449 400 – 464 800). Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 – 497 500). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Løn er under justering.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverkesemd (IA-verkesemd)

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby:http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

- søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga

- attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar

- referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS