Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskarutdanningskonsulent - Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Søknadsfrist: 20.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei 100 % stilling som seniorkonsulent knytt til instituttet si forskarutdanning. Instituttet har om lag 100 vitskapleg tilsette, 50 ph.d.-kandidatar og 1700 studentar. I den administrative staben inngår 12 stillingar. Næraste overordna er administrasjonssjefen, og seniorkonsulenten rapporterer direkte til henne.

Arbeidsoppgåver:

  • Ha hovudansvaret for det administrative arbeidet knytt til instituttet si forskarutdanning
  • Ha ein knutepunktfunksjon for alle dei ulike administrative arbeidsfelta med oppgåver knytt til forskarutdanninga
  • Ta hand om det administrative arbeidet og avtaleverk knytt til rekruttering, mottak og oppfølging av alle instituttet sine ph.d-kandidatar og postdoktorar
  • Drive informasjonsarbeid og rådgjeving
  • Halde god kontakt med fag og forskargrupper
  • Formidle aktiviteten på forskarutdanningsfeltet, mellom anna vedlikehald av nettsider
  • Implementere og fylgje opp administrative prosedyrar og rutinar, og evaluerings- og kvalitetssikringsarbeidet på feltet
  • Føre ph.d-register og halde ved like relevante administrative system
  • Drive sakshandsaming på feltet, mellom anna knytt til meldingar, rapporteringar og høyringssaker
  • Ha det administrative ansvaret for instituttet sine forskarutdanningsmidlar og reisemidlar for ph.d.-kandidatar, og ha kjennskap til og informere om andre finansieringskjelder
  • Vere sekretær for Forskingsutvalet ved instituttet
  • Fremje internasjonalt samarbeid
  • Delta i faglege nettverk

Det administrative arbeidet knytt til forskarutdanninga krev god dialog og godt samarbeid med vitskapleg personale på alle dei fire fagområda ved instituttet, og ved vårt Senter for fremragende forsking, Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE). Samstundes krev fleire av arbeidsoppgåvene tett samarbeid med administrativt tilsette på andre arbeidsfelt. Det er såleis særleg viktig å oppretthalde gode kommunikasjonsliner og samarbeidsrelasjonar på tvers av ansvarsområder.

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei særskilte funksjonar lagt til stillinga si, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med enkelte justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad med eit eller fleire relevante fag i fagkombinasjonen
  • Erfaring frå universitets- eller høgskulesystemet og offentleg forvaltning er ein føresetnad
  • Relevant administrativ praksis
  • God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet og god økonomiforståing er ein føremon
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer og gode engelskkunnskapar er naudsynt
  • God IT-kompetanse
  • Kjennskap til studieadministrative system på universitetet er ein føremon

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, fleksibilitet og sørvisinnstilling
  • God evne til koordinering av arbeidsoppgåver på tvers av administrative arbeidsfelt
  • Stor evne til og trivnad med sjølvstendig arbeid
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta og til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress

I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Løn tilsvarande lønssteg 55-59 (kode 1363) i statens regulativ, for tida frå kr. 487 600-522 800. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Britt Kristin Holsen ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, telefon 55582315, e-post Britt.Holsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på den sida «SØK STILLINGA». Kopi av vitnemål og attester skal berre sendast dersom du får melding om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 20.01.2020

UiB-ID: 19/26209

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS