Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Rådgjevar for forsking og formidling

Søknadsfrist: 03.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) og Senter for vitskapsteori (SVT) er det ledig ei 100 % fast stilling som rådgjevar for forsking og formidling. SKOK og SVT er samlokaliserte i Parkveien 9 og har felles administrasjon. Sentra har til saman nærare 40 tilsette og har eit breitt spekter av aktivitetar innan undervisning, forsking og formidling.

Til stillinga ligg eit ansvar for den administrative oppfølginga av forskingsverksemda til sentra, herunder rådgjevnad, informasjon og søknadshjelp for forskarstaben, samt kvalitetssikring av forskingsrapportering, til dette ligg også deltaking i relevante nettverk ved Universitetet i Bergen (UiB). Ansvar for kommunikasjon og forskingsformidling er også lagt til stillinga, og vil vere ein viktig del av arbeidet.

Arbeidsoppgåver:

  • informasjon og søknadshjelp til forskarar
  • administrativ prosjektoppfølging
  • kommunikasjon og formidling
  • web-redigering og publisering
  • møte-, seminar- og konferansestøtte for aktiviteten ved sentra
  • kvalitetssikring av publiseringsregistrering
  • andre administrative oppgåver

Ein tar atterhald om endringar i arbeidsoppgåvene. Næraste overordna er administrasjonssjefen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • høgare utdanning på masternivå eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i spesielle tilfelle oppnåast gjennom lang og allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning
  • det blir lagt vekt på relevant praksis, god administrativ it-kompetanse og kjennskap til web-publisering.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk.
  • erfaring frå informasjonsarbeid/journalistikk vil vere ei føremon
  • kjennskap til og erfaring frå universitets- og høgskulesektoren, samt kjennskap til nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar og eksterne nasjonale og internasjonale finansieringskjelder vil bli vektlagt.
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • initiativrik og sjølvstendig,
  • fleksibilitet og sørvisinnstilling
  • evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress

Vi kan tilby:

  • stilling som rådgjevar (1434) i lønssteg 60–65 (for tida 531 900–583 500). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande fagmiljø
  • kompetanse- og karriereutvikling
  • samarbeid gjennom nettverk
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdstilbod
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, og dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Tone Lund-Olsen på telefon 55 58 33 12, eller ved e-post tone.lund-olsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på den sida «SØK STILLINGEN». Kopi av vitnemål og attester og kontaktinformasjon til minst to referansar skal leggjast ved søknaden.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS