Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Kommunikasjonsmedarbeidar (Sosiale medier)

Søknadsfrist: 01.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsmedarbeidar, sosiale medier

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Er du god på sosiale medier, foto og video? Er du samfunnsengasjert og kreativ? Då kan du vere den vi ser etter!

Vi søker ein kommunikasjonsmedarbeidar for sosiale medium i eit 7 månader langt vikariat frå august, med høve for forlenging. Vi ser etter deg som får UiB til å skine på alle våre digitale plattformar. Du er ein visuell historiefortellar som veit kva som fungerer i ulike some-kanalar for å nå ulike målgrupper. Du må like å samarbeide, og brenne for å lage innhald som treff unge. Du er kreativ og oppdatert både digitalt og samfunnsmessig, og har evna til å sjå og gripe mogelegheiter til å bygge UiB sin profil i ulike sosiale medier,

Arbeidsoppgåver:

  • Vere ansvarleg for universitetet sine hovudkontoar i sosiale medier
  • Planlegge og koordinere innhald
  • Produsere, redigere og publisere digitalt innhald som video, stillbilder og nyhetsgrafikk
  • Handtere andre oppgåver i avdelinga ved behov, herunder pressekontakt og produksjon av nyhetssaker
  • Noko reiseaktivitet må påreknast

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha normalt ha utdanning på bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Dokumentert kompetanse innan digital kommunikasjon og relevant arbeidserfaring
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • Stor interesse for sosiale medier og kunnskap om korleis du når ulike målgrupper
  • Interesse for forskingsformidling
  • Kreativ og nytenkande
  • Evne til å halde fleire ballar i lufta samtidig
  • Fleksibel og ha gode samarbeidsevner
  • God vurderingsevne og evne til å handle raskt når det trengs
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Ein spennende jobbkvardag i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit godt, dynamisk og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Gode muligheter til kreativt arbeid
  • Stilling som førstekonsulent i lønnsteg 50 - 56 (kode 1408/LR 21) i det statlege lønnsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 449 300 - 496 100. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgre løn bli vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Deskleiar ved Kommunikasjonsavdelinga Olaf Erlend Gundersen, olaf.gundersen@uib.no, tlf. 908 90 793

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS