Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Kommunikasjonsmedarbeider (seniorkonsulent)

Søknadsfrist: 31.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Det matematisk – naturvitskaplege fakultet ønsker nå å styrke kommunikasjonsstaben med ei nyoppretta stilling som kommunikasjonsmedarbeidar (seniorkonsulent). Vi søkjer difor ein ny kollega med brei erfaring frå kommunikasjonsfaget, med vekt på digitale verkemiddel, som sosiale media, video og web. Medarbeidaren skal i hovudsak arbeide ute hos institutta, i første fase særleg ved Institutt for biovitenskap og Institutt for informatikk.

Vil du vere med å formidle?

https://vimeo.com/258255428

https://vimeo.com/255868527

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer ein kollega som kan formidle gode historier raskt og treffsikkert i relevante kanalar.

  • Produsere og formidle større og mindre saker gjennom foto, video og tekst
  • Utvikling og drift av institutta sine nettsider og sosiale media, særlig knytt mot forskingsformidling og studentrekruttering
  • Vurdere kanalval og tiltak tilpassa våre målgrupper
  • Hjelpe forskarmiljø og enkeltforskarar med formidling, mediekontakt, events og anna utoverretta arbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du kan gjerne ha mastergrad (til dømes innan medie- og kommunikasjonsfag), men relevant realkompetanse kombinert med lang relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Du bør ha relevant erfaring frå kommunikasjon innan forsking og utdanning. Du er dreven innan sosiale media.
  • Du liker å produsere eige multimediainnhald og tek eige ansvar for utvikling og drift av nettsider.
  • Du bør kunne formidle vitskap på plattformar innan sosiale media.
  • Du har erfaring frå media og eller kommunikasjonsverksemd.
  • Du er nysgjerrig på og er interessert i realfag og teknologi.
  • Du har eit brennande engasjement for formidling av kunnskap.
  • Du liker å vere ei ressurs og dele kunnskapen din med andre.

Vi søkjer ein omgjengeleg, kreativ og fleksibel kandidat som kan jobbe både sjølvstendig og på lag. Du må like å ha periodevis høgt arbeidstempo og kunne handtere førespurnader frå mange hald effektivt og strukturert. Du må hurtig kunne setje deg inn i ulike problemstillingar og kommunisere godt på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 - 60 (for tida kr 464 800 - kr 524 200) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Kommunikasjonsrådgiver Asbjørn Leirvåg, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, mobil 414 23 341

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS