Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst

Søknadsfrist: 12.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei stilling som instituttleiar (100 %) etter avtale. Tilsetjingsperioden er fire år (åremål), med høve til å søkje forlenging i ein periode.

Vi ønsker deg velkomen som søkjar til ei spanande og utfordrande leiarstilling.

Arbeidsoppgåver:

Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttets verksemd. Instituttleiar har personalansvar og innstillande mynde ved tilsetjingar.

Instituttleiar sit i fakultetet si leiargruppe (Instituttleiarforum) og rapporterer til dekan.

Instituttleiar legg til rette for bruk av tid til kunstnarleg utviklingsarbeid, utdanning og formidling for dei tilsette. Vidare har instituttleiar ansvar for å utvikle og følge opp mål for kunstnarleg utviklingsarbeid, ph.d.-utdanning, utdanning og formidling, utforme verksemdplanar og sikre rasjonell drift og budsjettbalanse.

Instituttleiar har HMS-ansvar og for å utvikle eit godt arbeidsmiljø, skape trivsel og motivasjon og leggje til rette for fagleg utvikling for den enkelte og for fagmiljøet samla.

Instituttleiar skal følgje opp oppdaterte handlingsplanar og system for kvalitetssikring av instituttets verksemd.

Instituttleiar sine viktigaste daglege oppgåver er å:

  • Leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i tråd med strategiane og handlingsplanane til fakultetet og Universitetet i Bergen
  • Representere og posisjonere institutt og fakultet, og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • Bidra til å auke ekstern finansiering
  • Skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • Leggje til rette for gode prosessar baserte på medverknad frå tilsette og studentar
  • Sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar
  • Arbeide for god kjønnsbalanse i stillingane ved instituttet

Vi søkjer ein instituttleiar som:

  • Har gode leiareigenskapar (motivering, involvering, strategisk leiing og økonomistyring).
  • Normalt har kompetanse som professor i eitt av fagområda ved instituttet eller nærståande fagfelt.
  • Gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk

I tillegg blir det lagt vekt på:

  • Erfaring frå forskings- og utdanningsleiing
  • Perspektiv på kunstnarleg utviklingsarbeid som forskingsdisiplin og perspektiv på høgre skapande kunstutdanning nasjonalt og internasjonalt
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape tillit internt og eksternt.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Interessante og utviklande leiaroppgåver
  • Eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • Løn etter særavtale ved UiB, minimum ltr. 84 (kr. 906.000 pr. år). Stillinga er plassert i kode 1475
  • Støtte til leiarfunksjonen, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknad og CV
  • Vitnemål og attestar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dekan Frode Thorsen på e-post: [email protected] eller på telefon +47 414 79 223 eller til
  • Fakultetsdirektør Synnøve Myhre på e-post [email protected] eller telefon +47 55 58 44 51 / +47 934 84 614

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen