Stilling:

Instituttleiar ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst

Søknadsfrist 14. januar 2019

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei stilling som instituttleiar (100%) frå 01.08.2019. Tilsetjingsperioden er fire år (åremål), med høve til å søkje forlenging i ein periode. Vi ønsker deg velkomen som søkjar til ei spanande og utfordrande leiarstilling.

Om fakultetet

Instituttet er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. KMD er eit kraftsenter for kunstnarleg utviklingsarbeid, vitskapleg forsking og utdanning, fundert på lange tradisjonar for kunst-, musikk -og designutdanning i Bergen. Fakultetet har om lag 630 studentar og 190 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (samtidskunst, musikk og design) med ein felles administrasjon.

Institutta har samla omlag 20 stipendiatar knytt til UiBs ph.d. -program i kunstnarleg utviklingsarbeid eller vitskapeleg ph.d. –program. KMD er og partnar i tverrfagleg nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingarbeid og driv den regionale forskarskulen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies.

Fagmiljøa innan kunst og design er lokalisert i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet – Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

KMD samarbeider med leiande institusjonar, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Om Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst

Instituttet har omlag 40 fagleg tilsette, dei fleste på kunstnarleg grunnlag. Av desse er det for tida 10 stipendiatar. Vi har kompetanse på høgt internasjonalt nivå innanfor dei åtte områda maleri og teikning, skulptur og installasjon, keramikk og leire, tidsbasert kunst og performance, nye medium (lyd/video), tekstil, grafikk, og fotografi. Instituttet har fleire større eksternfinansierte prosjekt og ambisjonar om å auke denne porteføljen.

Bachelorprogrammet vårt trekker til seg studentar frå heile Skandinavia. Dei engelskspråklege masterprogramma i kunst og kuratorpraksis rekrutterer studentar frå heile verda.

Instituttet har gode verkstadfasilitetar som blir brukt i kunstnarleg utviklingsarbeid og undervisning. Verkstadene har ei solid fagleg forankring. Vi har eit breitt samansett fagmiljø som er aktiv på kunstscenar i Noreg og internasjonalt. Kunstnarleg utviklingsarbeid dannar grunnlaget for undervisninga.

Om stillinga

Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttets verksemd. Instituttleiar har personalansvar og innstillande mynde ved tilsetjingar.

Instituttleiar sit i fakultetet si leiargruppe (Instituttleiarforum) og rapporterer til dekan.

Instituttleiar legg til rette for bruk av tid til kunstnarleg utviklingsarbeid, utdanning og formidling for dei tilsette.

Vidare har instituttleiar ansvar for å utvikle og følge opp mål for kunstnarleg utviklingsarbeid, ph.d.-utdanning, utdanning og formidling, utforme verksemdplanar og sikre rasjonell drift og budsjettbalanse.

Instituttleiar har HMS-ansvar og for å utvikle eit godt arbeidsmiljø, skape trivsel og motivasjon og leggje til rette for fagleg utvikling for den enkelte og for fagmiljøet samla.

Instituttleiar skal sørge for oppdaterte handlingsplanar og system for kvalitetssikring av instituttets verksemd.

Instituttleiar sine viktigaste daglege oppgåver er å:

  • leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i tråd med strategiane til fakultetet og Universitetet i Bergen
  • representere og posisjonere institutt og fakultet, og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • bidra til å auke ekstern finansiering
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • leggje til rette for gode prosessar baserte på medverknad frå tilsette og studentar
  • sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar
  • arbeide for god kjønnsbalanse i stillingane ved instituttet

Vi søkjer ein instituttleiar som:

  • har gode leiareigenskapar
  • erfaring frå forskings- og utdanningsleiing
  • vi ønsker har kompetanse som professor i eitt av fagområda ved instituttet eller nærståande fagfelt.
  • har evne til å arbeide strategisk mot fastsette mål

I tillegg blir det lagt vekt på:

  • ein motiverande og inkluderande leiarstil
  • perspektiv på kunstnarleg utviklingsarbeid som forskingsdisiplin
  • perspektiv på høgre skapande kunstutdanning nasjonalt og internasjonalt
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape tillit internt og eksternt.
  • gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • interessante og utviklande leiaroppgåver
  • eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • løn etter særavtale ved UiB, minimum ltr. 83 (kr. 871.300 pr. år). Stillinga er plassert i kode 1475
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar
  • støtte til leiarfunksjonen, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til:

  • Dekan Frode Thorsen på e-post: frode.thorsen@uib.no eller på telefon 47 414 79 223 eller til
  • Fakultetsdirektør Synnøve Myhre på e-post synnove.myhre@uib.no eller telefon +47 55 58 44 51 / +47 934 84 614

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Universitetet i Bergen brukar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing. Vi gjer deg derfor oppmerksam på at opplysningar om deg som søkjer, kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom du ber om å bli unntatt offentligheita og vi gir deg avslag, vil du bli varsla om dette i forkant.

Slik søkjer du stillinga

Send søknad, CV som inneheld oversikt over utdanning og relevant arbeidserfaring og attesterte kopiar av relevante vitnemål og attestar elektronisk via lenkje på denne sida («Søk stillingen»)

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS