Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Instituttleiar ved Institutt for biovitskap – åremålsstilling

Søknadsfrist: 22.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar ved Institutt for biovitskap – åremålsstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitskap er det frå 1. september 2020 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år. Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten til instituttet innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling. Instituttleiaren inngår i fakultetet si leiargruppe.

Om instituttet

Institutt for biovitskap er eitt av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

BIO dekker forsking og forskingsbasert undervisning innanfor eit breitt spekter av biologiske og molekylærbiologiske fagområde. BIO skal bringe fram grunnleggjande og grensesprengande kunnskap om opphavet til livet, utvikling, prosessar og system, samt bidra til å løyse dei store globale utfordringane i samfunnet. Kandidatar utdanna frå instituttet skal vere kompetente og ha brei naturvitskapleg innsikt og kritisk haldning. Instituttet er vertskap for bioCEED, eit Senter for framifrå utdanning.

Instituttet, som har om lag 300 tilsette, nærare 800 studentar og 125 ph.d.-kandidatar, held til i moderne lokale på Marineholmen i Bergen. Av instituttet sitt totalbudsjett på nær 260 millionar, er om lag 40 % eksternt finansiert. BIO samarbeider nært med viktige fagmiljø som NORCE og Havforskingsinstituttet.

Nærare opplysningar om Institutt for biovitskap finn du på instituttet si heimeside.

Om stillinga

Det vert venta at instituttet skal vera ein sterk aktør innan biologi, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Det vil vere ei viktig oppgåve for instituttleiar å bidra til å posisjonere biofaget ved institusjonen slik at Universitetet i Bergen styrker si rolle innan dette feltet. Som del av dette, er det ei viktig oppgåve å leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering.

Instituttleiar har eit overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon samt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Instituttleiar rapporterer til dekan, inngår i fakultetet si leiargruppe og leiar instituttrådet.

Arbeidsoppgåver

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å

  • leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon, i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen
  • representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • bidra til utviklinga av fakultetet
  • stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere og motivere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • skape arenaer for samarbeid, medverknad og dialog
  • sørgje for tenlege infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda
  • sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer ein instituttleiar som

  • har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing
  • har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet
  • er ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet

I tillegg vert det lagt vekt på

  • god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt
  • leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Det vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan halde fram med eigen forskingsaktivitet.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få frå:

  • Dekan Helge K. Dahle, telefon +47 55 58 48 56 / e-post helge.dahle@uib.no, eller
  • Fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 55 58 81 98 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no

Alle spørsmål blir handsama konfidensielt.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og likeeins personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS