Stilling:

Senioringeniør (Avdeling for naturhistorie)

Søknadsfrist 28.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør

Ved Universitetsmuseet, Avdeling for naturhistorie er det ledig ei 80 % fast, eksternt finansiert stilling som senioringeniør i paleozoologi.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga omfattar analyse og rapportering av beinmateriale frå arkeologiske utgravingar. Arbeidsoppgåvene kan bli endra basert på endringar i prosjektportefølgjen over tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Den som vert tilsett må ha kompetanse på minimum masternivå innan arkeozoologi.
  • Det vert kravd omfattande erfaring med identifisering og analyse av jordfunne skjelettmateriale og ulike naturvitskaplege metodar, til dømes isotopanalysar og statistiske metodar, som vert nytta i arkeozoologiske granskingar.
  • Gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og på engelsk vil vere eit krav.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.gt

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58 – 60 (for tida kr 505.800 – 524.200 brutto per år) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Anne Karin Hufthammer, Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen, 55582913 / 92048270

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS