Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senioringeniør - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 01.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som senioringeniør (100 %). Stillinga er eksternt finansiert av Norges Forskingsråd og knytt til prosjektet Enhanced cryoimmunotherapy against urogenital cancers. Prosjektet har ei foreløpig finansiering på 4 år.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga omfattar høgt kvalifisert fagleg arbeid
  • Utviklingsoppgåver som krev særleg spesialkompetanse innan ulike fagfelt
  • Den primære oppgåven for denne stillinga blir å bidra til produksjon av potente og robuste terapøytiske dendrittiske celler og lymfocyttar til neste generasjons immunterapi mot kreft.
  • Den som får stillinga, må kunne bestille, ta imot og handtere pasientmateriale frå leukaferese, delprodukt frå friske blodgivarar samt pasientbiopsiar. Slike materiale vil inngå både i laboratorieeksperiment og i produksjon av terapøytiske celler etter krav til «Good Manufacturing Practice (GMP)».
  • Det eksperimentelle arbeidet vil omfatte isolasjon av immunceller frå materiale som er nemde ovanfor og dyrkning i monokultur og ko-kultur og bruk av molekylære agonistar og antagonistar for programmering av differensiering og hemming og stimulering av spesifikke signalveger i cellene.
  • Spesielt vil beta-catenin signalvegen og indoleamine dioxygenase (IDO) signalvegen bli utforska. Ko-kultur omfattar etablering av organoider og «tissue explants».
  • Stillinga krev kompetanse i flowcytometri og immunologiske metoder for å studere cytokinrespons og andre funksjonar i dendrittiske celler.
  • Det blir også nødvendig å hauste nukleinsyrer for nukleinsyremetoder som RNA-sekvensering. Vidare må stillinga bidra til bioinformatiske analyser og visualisering av data som blir innsamla i slike eksperiment.
  • Pasientmaterialet vil bli organisert i Forskningsbiobank, og den som får stillinga, må påliteleg og systematisk kunne bestille, hente, organisere og arkivere pasientmateriale frå kliniske forsøk, både fysisk arkivering og ajourføring av dataarkiv blir sentralt.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad innanfor relevant fagområde. Doktorgrad eller spesialutdanning kan vere eit krav dersom dette er nødvendig i forhold til dei oppgåvene som skal løysast
  • omfattande relevant praksis er eit krav
  • gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg er eit krav

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har erfaring med handtering av pasientmateriale og prosessering og arkivering for Forskningsbiobank
  • har erfaring med isolasjon og dyrkning av dendrittiske immunceller og lymfocyttar
  • har erfaring med dyrkning av organkultur frå pasientbiopsiar
  • har erfaring med teknikkar for cytokinkvantitering og flowcytometri
  • har erfaring med eksperimentelle oppsett for test av molekylære agonistar og hemmarar
  • har erfaring med isolasjon av nukleinsyrer frå cellekultur og analyser med kvantitiativ PCR og RNA-sekvensering
  • har dokumentert evne til sjølvstendig organisering, analyse og visualisering av komplekse data frå flowcytometri, cytokinanalyser og RNA-sekvensering, det vil seie erfaring med «large data» frå ein biologisk synsvinkel
  • Pga. kompleksiteten i arbeidet, vil relevant PhD-grad vere ein føremun

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-62 (for tida kr 513 600 - 552 800). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga som senioringeniør:

  • senioringeniøren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • instituttleiar kan pålegge senioringeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Karl-Henning Kalland, E-mail: Karl.Kalland@uib.no; telefon: 95330352

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS