Stilling:

Avdelingsingeniør (Klinisk Institutt 2)

Søknadsfrist 10.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør (100 %). Stillinga er eksternt finansiert og for tida knytt til prosjektet «Individualized treatment of endometrial cancer» finansiert av Kreftforeningen. Prosjektet har førebels finansiering for 2 år og 10 månader .

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter ein dedikert og målretta medarbeidar som ønsker å jobbe i ein translasjonell forskingsgruppe med tett samarbeid med kliniske miljø. Prosjektet har som hovudmål å identifisere nye molekylære og diagnostiske markørar for gynekologisk kreft. Arbeidsstad er ved Bergen Forskingsgruppe for Gynekologisk kreft som held til ved Kvinneklinikken i Bergen. Avdelingsingeniøren vil jobbe tett opp mot administrering av ein svært verdifull biobank og vil blant anna ha dagleg ansvar for registrering av samtykkande pasientar i biobanken. Kjennskap til sjukehusets journalsystem vil vere ein føremon. Avdelingsingeniøren vil også vere involvert i prosessering av vevs- og blodprøver, inkludert rensing av RNA og DNA. Vevssnitting for histologisk vurdering kan vere aktuelt. I tillegg vil rett kandidat få høve til å engasjere seg i pågåande forskingsprosjekt, kor det kan verte brukt både statistiske og molekylære teknikkar, celle biologiske metodar og immunbaserte teknikkar. Den rette kandidaten vil få nødvendig opplæring.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant bachelorgrad innan celle/molekylærbiologi, sjukepleie eller bioingeniør. Kandidatar med erfaring frå medisinsk statistikk, gynekologi eller relevant klinisk erfaring vil også verte vurdert.
  • Ein vil legge avgjerande vekt på at søkjaren har erfaring i høve til handtering av pasientdata, oppbygning av register for kliniske data og bearbeiding av prøver til biobank.
  • For søkjarar med utdanning innan celle/molekylærbiologi vil praksis frå arbeid innan klinisk kreftforsking verte vektlagt i tillegg til kunnskap om relevante laboratoriemetodar.
  • For søkjarar med utdanning som sjukepleiar eller bioingeniør vil relevant erfaring frå arbeid innan gynekologi og/eller kliniske studiar verte vektlagt.
  • Kjennskap til sjukehuset sine journalsystem er ein føremon.
  • Kjennskap til statistiske metodar for behandling av pasientdata er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, vere fleksibel, ha evne til problemløysing og ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) med bachelorgrad i lønsteg 47 – 52 (for tida 421 700 – 456 900), med mastergrad lønssteg 51-53 (for tida kr –449 400 – 464 800). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga som avdelingsingeniør:

  • avdelingsingeniøren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • instituttleiar kan pålegge avdelingsingeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Camilla Krakstad, e-post camilla.krakstad@uib.no, telefon 99254140 / 55976797

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS