Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senioringeniør / Overingeniør (systemutviklar) - Institutt for informatikk

Søknadsfrist: 15.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Senioringeniør/Overingeniør (Systemutviklar) ved Institutt for informatikk

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som senioringeniør knytt til eksternt finansierte prosjekt. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga som senioringeniør, kan det bli aktuelt å tilsetje i stilling som overingeniør. Krav til kvalifikasjonar og praksis vert då redusert.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vår forsking innan bioinformatikk er gjennom fleire år organisert under vårt tverrfaglege forskingssenter Computational Biology Unit (CBU). Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ein viktig utviding av vår aktivitet innan forsking og utdanning.

Om Computional Biology Unit (CBU)

CBU er eit tverrfagleg forskingssenter som administrativt ligg under Institutt for informatikk. Senteret inkluderer forskarar og teknikarar frå fleire institutt ved UiB, mellom anna kjemi, biovitskap, biomedisin og klinisk. Forskinga dreier seg om alle aspekt av bioinformatikk, dvs reknemessige problemstillingar i molekylær livsvitskap. CBU omfattar omlag 50 medarbeidarar og verksemda er organisert under ti forskingsgrupper samt ei gruppe som tilbyr bioinformatisk infrastruktur og service til forskarar i heile Noreg. CBU koordinerer en nasjonal infrastruktur for bioinformatikk – ELIXIR Norway – som er del av den europeiske infrastrukturen ELIXIR. Store delar av verksemda er finansiert av eksterne prosjekter, spesielt frå Noregs Forskingsråd og Trond Mohn Stiftelse.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er ein del av CBU Service Group og tar del i programmering og utvikling av programvare-system i eit vitskapelig miljø med fokus på e-infrastruktur for bioinformatikk og berekningsbasert biologi. Stillinga er knytt til prosjektet ELIXIR2, som er partner i eit Nordisk prosjekt ”Tryggve” med fokus på sikre berekningsmiljø for forsking på sensitive data, t.d. genetiske data frå menneske

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ein mastergrad eller tilsvarande i informatikk. Lang relevant arbeidserfaring med programutviklingsarbeid kan eventuelt kompensere for manglande formelle kvalifikasjonar.
  • Stillinga krev programmeringserfaring i Java og Python, minst eit av desse på eit høgt nivå, samt forståelse av mikroteneste basert systemarkitektur.
  • Søkjarar må kunne dokumentere god erfaring med versjonskontroll system som git e.l., og ha kjennskap til agile/iterativ programvareutvikling.
  • Vi nyttar Linux som systemplattform, og nyttar i stor grad virtualiseringsteknologi. Vi krev god kjennskap til begge desse felta.
  • Kjennskap og erfaring med utvikling av distribuerte system og relevante teknologiar vil vera fordelaktig (til dømes meldingskøar, batch køsystemer og web teknologi).
  • Erfaring med programutviklingsarbeid i eit geografisk distribuert team, og i eit multi-kulturelt felleskap er ønskjeleg.
  • Vi utviklar infrastruktur for fagfeltet livsvitskap, og grunnleggande kunnskap innan molekylærbiologi/biomedisin vil vera fordelaktig
  • Gode engelskkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg, vil vere eit krav.
  • Vi forventar entusiasme og uavhengighet samt evne til å jobbe i eit tverrfagleg teammiljø.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) lønssteg 59 - 67 (for tida kr 515 200,- - kr 597 400,-) i det statlege lønsregulativet, alternativt stilling som overingeniør (kode 1087) lønssteg 55-62 (for tida kr 480 600,- – kr 544 400,-) i det statlege lønsregulativet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Lene Sørheim

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 15. februar 2020.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Det gjennomføres forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymiseringen av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidater som er aktuelle for intervju. Forsøket evalueres av Difi, som behandler anonyme opplysninger om ansettelsesprosessen og det blir utarbeidet en statistikk over resultatet av forsøket. Opplysninger om enkeltpersoner vil ikke bli utlevert til andre i forbindelse med forsøket og evalueringen, men reglene om innsyn i offentlig søkerliste og utvidet søkerliste gjelder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for å søkje og kvifor du meiner at du passer til stillinga
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansar

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS