Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Studentombod

Søknadsfrist: 14.09.2019

Høgskulen på Vestlandet har ledig stilling som studentombod

Det er ledig 100% fast stilling som studentombod ved Høgskulen på Vestlandet.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Studentombodet ved HVL skal vere ein uavhengig bistandsperson som har som oppgåve å gje studentane råd og hjelp i saker knytt til studiesituasjonen. Studentombodet skal sjå til at sakene vert forsvarleg og korrekt handsama slik at studentane sine rettar vert ivaretatt. Studentombodet skal ha ei uavhengig stilling i høve til organisasjonen.

HVL og Høgskulen i Volda har inngått ei avtale om at studentombodet ved HVL også skal fylle funksjonen som ombod ved Høgskulen i Volda. Den som blir tilsett vil kunne velje kva studiestad ved HVL studentombodet skal ha som hovudarbeidsplass. Ombodet vil ha arbeidsoppgåver knytt til alle campusane ved HVL og Høgskulen i Volda, og må difor rekne med ein del reiseverksemd

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Bistand og rådgjeving for studentar
  • Synleggjere oppgåvene til studentombodet blant studentane ved HVL
  • Opplæring av studenttillitsvalde om studentane sine rettar og plikter
  • Rapporterer til rektor gjennom halvårleg rapportar og jamleg om særlig alvorlege saker
  • Kan på eige initiativ fremje saker for høgskulestyret

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning på minimum masternivå eller tilsvarande
  • Juridisk kompetanse
  • Røynsle frå arbeid med studentrettar
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren er ein fordel
  • Erfaring frå forhandlingar og mekling er ønskjeleg
  • God integritet og rolleforståing
  • God evne til kommunikasjon og samarbeid

HVL og Høgskulen i Volda har inngått ei avtale om at studentombodet ved HVL også skal fylle funksjonen som ombod ved Høgskulen i Volda.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som studentombod er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - Rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Organisasjonsdirektør, Tage Båtsvik, 454 26 924

2) Prorektor, Liv Reidun Grimstvedt , 957 22 714

Søk stilling

Powered by Labrador CMS