Stilling:

Stipendiatstilling i pedagogikk knytt til forskargruppa PedLab

Søknadsfrist 27. januar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein midlertidig stilling som stipendiat. Stillinga er knytt til Senter for utdanningsforsking, campus Bergen.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Ph.d.-prosjektet skal bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget for profesjonsretta pedagogikk, både som fagdisiplin i den nye grunnskulelærarutdanninga og for framtidas skule. Prosjektet sitt overordna formål er å utforske nye og framtidsretta måtar å teoretisere, praktisere og formidle pedagogikk som ”det sentrale og samlende faget i lærerutdanningen” (St.m. nr. 11, 2008-2009). Dessutan er formålet å utvikle kunnskap om ulike pedagogiske retningar og tradisjonar i relasjon til profesjonsutvikling i læraryrket og pedagogisk profesjonalitet. Ph.d.-prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med rettleiarar; professor Dr. Tobias Werler og professor Dr. Herner Sæverot. Ein tredje rettleiar kan vere aktuell, avhengig av kandidaten sitt forskingsprosjekt og faglege bakgrunn.

Pedagogisk forsking har i ei årrekkje vist at god undervisning er eit resultat av samspelet mellom læraren sine praktiske ferdigheiter og fagdidaktiske og pedagogiske kunnskapar. Forsking og teoriar om utvikling av læraren sin faglege kunnskap syner at kunnskap om profesjonsretta pedagogikk kan lærast og gjerast relevant gjennom pedagogiske tilnærmingar i høgare utdanning. Prosjektet sitt forskingsfokus skal rettast mot undersøkingar om korleis strukturar og relasjonar mellom pedagogisk forsking, pedagogisk teori og profesjonsutøving er utforma.

På denne bakgrunn skal prosjektet – ved hjelp av en litteraturgjennomgang – rekonstruere ulike teoritradisjonar av danning i ein eksplisitt norsk kontekst, til skilnad frå andre teoritradisjonar og oppfatningar. Vidare skal prosjektet – med grunnlag i ein kvalitativ innhaldsanalyse av norske læreplaner for lærarutdanning – undersøkje korleis teoritradisjonar eksisterer i lærarutdanninga. Spesifikt skal det utforskast kva betydning dei ulike teoritradisjonane har for framtidige lærarar sine handlingar gjennom en kartlegging av lærarstudentar sin kunnskap om profesjonsretta pedagogikk. Ei slik kartlegging nyttar med fordel ei kvantitativ tilnærming.

Forskargruppa PedLab, som ligg under det strategiske forskingsprogrammet "Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking", utforskar kva som utgjer god profesjonsretta pedagogikk i både lærarutdanninga og grunnskulen sin praksis. Dessutan er forskargruppa sitt formål å utvikle kunnskap om ulike pedagogiske retningar og tradisjonar i relasjon til profesjonsutvikling i læraryrket og pedagogisk profesjonalitet. Tema forskargruppa har jobba med i lengre tid speglast i publikasjonar knytt til profesjonsteori, danningsteori og pedagogisk teori. Gruppa har 19 medlemmar og har etablert fast samarbeid med Universitetet i Münster, Universitetet i Åbo, Københavns universitet, Linköpingsuniversitet og Kings College (London).

Kvalifikasjonskrav

Mastergrad i pedagogikk pedagogisk filosofi, eventuelt norskdidaktikk, matematikkdidaktikk eller tilsvarande kvalifikasjonar må være oppnådd ved søknadsfristen.

Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektskildring på inntil fem sider som presenterer tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne førebelse prosjektskissa vert nytta til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli uforma i tett samarbeid med rettleiarane.

Stipendiaten må takast opp i doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergrada. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal sendast inn etter tilsetting. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal være godkjend av høgskulen innan 3 månadar etter at kandidaten har tatt til i stillinga.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet. Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskjeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisninga bli fordelt over åra.

Følgjande kvalifikasjonar vil bli særleg vektlagt:

Det viktigaste er faglege kvalifikasjonar i det utlyste området, altså kvaliteten på masteroppgåva, eller tilsvarande kvalifikasjonar, og på metodologiske kvalifikasjonar. Den førebelse prosjektskissa er òg viktig for å vurdere kvaliteten på søknaden og kor godt denne passar med formålet med det større prosjektet. Vitskapelege publikasjonar og erfaring med samfunn med språkleg mangfald vil også kunne bli vektlagt.

Søkjarar kan få noko rettleiing på skissa.

Ønska kvalifikasjonar

  • Det er ein føremon med gode kunnskapar om dokumentanalyse og grunnleggjande statistikk-kunnskapar.
  • Engelsk bør meistrast godt og det er ønskjeleg med tyskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Kandidaten må ha gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner.
  • Kandidaten må være motivert, ha stor arbeidskapasitet og kunne arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Interesse for både kvantitative og kvalitative forskingsmetodar er ein føremon.

Søk på stillinga

Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

Lønnsvilkår

Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktperson:

  • Senterleiar Kjellrun Hiis Hauge, tel: +47 55 58 59 67
  • Professor Herner Sæverot, tel: +47 55 58 58 17

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS