Stilling:

Stipendiatstilling i økodidaktikk

Søknadsfrist 27. januar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein midlertidig stilling som stipendiat i økodidaktikk. Stillinga er knytt til Senter for utdanningsforsking.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Forskargruppa "Nature in Children’s Literature and Culture" (NaChiLitCul) har sidan 2013 undersøkt korleis førestillingar om natur kjem til uttrykk verbalt og visuelt i ulike didaktiske praksisar. Forskargruppa tilhøyrer det strategiske forskingsprogrammet "Berekraft, medverknad og mangfald" ved Høgskulen på Vestlandet.

Både i strategiplanen til HVL og i grunnskulelærarutdanningane ved HVL er berekraftig utvikling eit nøkkelomgrep og tverrfagleg tema. For å forstå kva dette inneber og korleis HVL kan iverksetje det i eigne studietilbod har forskingsgruppa NaChiLitCul som mål å utvikle metoder for økokritiske dialoger i faga norsk, engelsk, mat- og helse og kroppsøving i den femårige lærerutdanninga (GLU 1-7 og 5-10). Eit sentralt argument for å utvikle slike metodar er at berekraftig utvikling, der økokritiske perspektiv har ein sentral plass, skal inngå som tverrfagleg tema i alle skolefag fra 2020. Grunnskulelærarane HVL utdannar treng derfor ei metodisk verktøykasse dei kan ta i bruk i ulike fag og på tvers av faga for å imøtekomme krava i dei nye læreplanane.

Stipendiatstillinga vil innebere å delta i arbeidet med økokritiske dialoger som del av økodidaktiske praksisar i lærarutdanningsfaga norsk, engelsk, kroppsøving eller mat og helse. Stipendiaten skal vere med å utvikle, samle inn og bruke det empiriske materialet (dvs. dei økokritiske dialogane gjennomført med ulike studentgrupper) i eiga avhandling. Moglege problemstillinger, som også vil falle inn under ph.d.- programmet Studier av danning og didaktiske praksiser, kan vere:

A: korleis lærarstudentar gjennom erfaringar med økokritiske dialogar kan tileigne seg relevant kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse i berekraftig utvikling som tverrfagliog tema i norsk grunnskole.B: korleis lærarstudentar gjennom erfaringar med økokritiske dialogar kan tileigne seg relevante verktøy som gjør dem i stand til å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisningspraksisar som omhandler berekraftig utvikling som tverrfagleg tema.

Ved å delta i ei av arbeidspakkene innanfor NaChiLitCul-prosjektet vil stipendiaten få høve til å inngå i eit aktivt forskarfellesskap med lang og variert erfaring der stipendiatens eige prosjekt med jevne mellomrom vil bli diskutert i arbeidspakka, men også på arbeidsseminar for heile prosjektet.

Stipendiatens hovudoppgåve er å gjennomføre eige prosjekt. I tillegg skal stipendiaten gjennomføre obligatorisk del i doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" samt delt aktivt i både forskningsgruppen NaChiLitCul og HVLs stipendiatforum.

Kvalifikasjonskrav

Mastergrad i enten engelsk/nordisk barne- og ungdomslitteratur/litteraturdidaktikk, mat- og helse i skolen eller kroppsøving eller tilsvarande kvalifikasjonar må vere oppnådd ved søknadsfristen.

Søkjarar må leggje ved ei prosjektskildring på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli uforma i samråd med rettleiarar.

Stipendiatar som blir tilsett må bli tekne opp i doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tek programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrst sendast etter tilsetjing. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av høgskulen seinast 3 månader etter at ein er teke til i stillinga.

Vitskapleg produksjon kan bli vektlagd.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet. Samla stipendiatperiode er tre år.

Personlige egenskaper:

Den som blir tilsett, må vere nytenkjande og kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap. Uavhengig av kva fagleg innretning prosjektet har, må stipendiaten ha gode ferdigheiter i norsk språk. Stillinga blir sett på som ei viktig rekrutteringsstilling til vitskapleg stilling ved universitet/høgskule.

Søk på stillinga

Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også kan laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

Lønnsvilkår

Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktperson

  • Senterleiar Kjellrun Hiis Hauge, tlf. +47 55 58 59 67
  • Professor Nina Goga, tlf: +47 55 58 57 21

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS