Stilling:

Stipendiat knytt til studiet av kreative praksisar i estetiske og kunstdidaktiske kontekstar

Søknadsfrist 27. januar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for kunstfag er det ledig ein midlertidig stilling som stipendiat knytt til studiet av kreative praksisar i estetiske og kunstdidaktiske kontekstar, Campus Stord.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet er involvert i utdanningar på bachelor-, master- og Ph.D.-nivå. Fagområda i instituttet omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Tilsette på instituttet er aktive deltakarar i nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Institutt for kunstfag har som mål å vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skole og kulturfeltet.

Stillinga skal knytast opp til forskargruppene PEFF (Praktiske og estetiske fag og fagdidaktikk) og KU (Kunstnarleg utviklingsarbeid) sitt arbeid med prosjektet "InCreation- inclusive creative practices" (ICPs) eller "Inkluderande kreative praksisar" (IKP). Begge ligg under det strategiske forskingsprogrammet Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar. InCreation-prosjektet fokuserer på studiet av kreative praksisar i estetiske og kunstdidaktiske kontekstar. Vitskapsteoretisk byggjer prosjektet på to overgripande omgrep, som forskargruppene ser på som heilt avgjerande for utviklinga av skapande kompetanse i framtida, nemleg "creativity" og "inclusivity". Desse to omgrepa utgjer det teoretiske fundamentet for prosjektet og for det me har valt å kalla inkluderande kreative praksisar (IKP). Konteksten for slike IKP-ar er utdanningsfeltet. Fokuset for stipendiatstillinga er avgrensa til å liggja i skjeringspunktet mellom utøvande kunstfag, særleg musikk og dans, og pedagogikk og fagdidaktikk.

Søkjarar skal skissere eit forskingsprosjekt som studerer praksisar som både er kreative og inkluderande og som er festa i erfaring og innsikt knytt til kunstdidaktiske kontekstar innan musikk-og dansefeltet. I prosjektskissa må søkjarar visa korleis deira ph.d.- prosjekt vil vera relevant for, og korleis det kan styrka kreative praksisar i estetiske og kunstdidaktiske utdanningskontekstar.

Kvalifikasjonskrav

Mastergrad innan kunstfag/kunsfagdidatikk eller tilsvarande kvalifikasjonar, må vera oppnådd ved søknadsfristen. Søkjarar må samla sett ha kvalifikasjonar i både kunstfag og pedagogiske fag.

Søkjarar må leggja ved ei mellombels prosjektskildring på inntil fem sider som presenterer tema, problemstilling og val av teori for eit potensielt prosjekt. Denne mellombelse prosjektskildringa vert brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vera den endelege prosjektskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare verta uforma i samråd med rettleiarar.

Stipendiatane må verta tekne opp i doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Ein slik søknad skal utformast og sendast innan 3 måndader etter tilsetjing. Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tek programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vera godkjend av høgskulen innan 3 månader etter atstipendiaten har teke til i stillinga.

Det er ein føresetnad at dei som vert tilsette har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet og samarbeider tett med fagmiljøet knytt til prosjektet InCreation. Samla stipendiatperiode er fire år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og administrasjon i hovudsak ved campus Stord på HVL. Undervisninga vil i utgangspunktet bli fordelt over dei fire åra.

Ønskede kvalifikasjoner

• Søkjarar bør ha bakgrunn i eit eller fleire av fagområda musikk og dans.

• Kunstnarisk og vitskapleg produksjon kan bli vektlagd.

Personlige egenskaper• Sjølvstendig, samarbeidsorientert og lærevillig

Søk på stillinga

Søkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.

Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

Lønnsvilkår

Stillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktperson:

  • Professor Magne Espeland, tlf: +47 53 49 13 67
  • Instituttleiar Oded Ben-Horin, tlf: +47 53 49 14 53

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS