Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Stipendiat (FUTURED / CCC)

Søknadsfrist: 26.01.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat innan forskingsprosjektet FUTURED, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Forskargruppa «Culture, Criticism, Community» (CCC) arbeidar med tverrfaglege problemstillingar innan kunstfaga, og då særskilt kritiske perspektiv på kunstpedagogiske praksisar i skule, lærarutdanning og ved andre relevante arena (communities). Forskargruppa høyrer til det strategiske forskingsprogrammet «Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar».

Eit nystarta prosjekt i forskargruppa heiter «Music Teacher Education for the Future» (FUTURED 2019-2022). Prosjektet har ein teoretisk inngang henta frå kritisk pedagogikk og public pedagogy som inneber ei kritisk tilnærming og normativ posisjonering som adresserer behov for endring i eksisterande musikklærarutdanning. Prosjektet skal både kartlegge musikkfaget i grunnskulelærarutdanninga nasjonalt (kva studentar som søker seg til studiet og kva som pregar studiet ideologisk og strukturelt) og gjennomføre deltakande aksjonsforsking med studentar på campus og i praksis. Formålet er å undersøke korleis musikklærarutdanninga kan riggast for framtida for i større grad å kunne møte utfordringar samfunnet står overfor. Dette inneber mellom anna at studentane utviklar ein relevant handlingsberedskap (agency) i løpet av studiet.

Stipendiatstillinga vil vere knytt til FUTURED-prosjektet, og særskilt koplast til forsking på musikkstudentane si praksisopplæring i den nye femårige grunnskulelærarutdanninga. Det er tenkt at ph.d.-kandidaten skal samle data ved å følgje ei studentgruppe i ein ordinær praksisperiode og intervjue studentane i etterkant. Gjennom å designe studiet som eit case-studium kan kandidaten svare på forskingsspørsmål knytt til korleis musikkstudentane opplever praksisopplæringa i den nye grunnskulelærarutdanninga og om dei utviklar kompetanse som er relevant for framtida. Ph.d.-prosjektet kan innrettast mot eitt eller fleire av følgjande forskingsspørsmål, eventuelt liknande problemstillingar:

  • Korleis opplever musikkstudentane medverknad, handlingsrom og det å bli hørt i praksisopplæringa, med andre ord; korleis blir studentane sitt agency utvikla gjennom praksisopplæringa?
  • Korleis opplever musikkstudentane dei organisatoriske rammene (samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjon og praksisskule, opplegget på skulen, praksisførebuing og oppfølging i etterkant)?
  • Korleis er praksisopplæringa rigga for at musikkstudentane skal få utvikla kompetanse som er viktig for framtidas skule?

Både forskargruppa CCC og prosjektgruppa i FUTURED vil kunne gje stipendiaten eit rikt forskingsmiljø på fleire måtar. Kandidaten vil få eit stipendiatmiljø med fleire som skriv doktorgrad innafor tangerande tema. Kandidaten vil møte mange forskarar med doktorgrad, både frå HVL og dei andre samarbeidsinstitusjonane, som kan støtte opp om doktorgradsarbeidet. Dei internasjonale gjesteforskarane i FUTURED kan gi kandidaten høve til internasjonal mobilitet til land som USA, Irland, Spania, England og Finland.

Arbeidsstaden er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsområde:

I tillegg til å gjennomføre eige prosjekt skal stipendiaten gjennomføre obligatorisk del i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved FLKI, delta i stipendiatforumet ved FLKI og bidra aktivt i forskargruppa CCC.

Varigheit:

  • Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innan ei tidsramme på 3 år.
  • Det vil bli gjort frådrag i tilsetjinsperioden for eventuell tidligare rekrutteringsperiode.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjar må ha mastergrad i musikkpedagogikk eller anna relevant fagområde som til dømes musikkvitskap, undervisningsvitskap eller pedagogikk.

Følgjande kvalifikasjonar vert særskilt vektlagt:

  • Søkjar må legge ved ei prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med rettleiar.
  • Stipendiatar som blir tilsett må bli tekne opp i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved FLKI. Det er ein føresetnad at kandidaten fyller krava for opptak til phd-studiet. Normalt tek programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden.
  • Vitskapleg produksjon kan bli vektlagt.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. Samla stipendiatperiode er tre år.

Personlege eigenskapar:

Den som blir tilsett må vere nytenkjande, ha god gjennomføringsevne og kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap. Det er viktig med gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgaven/hovedfagsoppgaven, ev. vitskaplege arbeid de ønsker å ha med i vurderinga (inntil 5), fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av eit sakkunnig utval. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordninger i Statens pensjonskasse
  • Spennende fagmiljø med mulighet for kompetanseheving – og utvikling
  • Muligheter for trening i arbeidstiden

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønnstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vertr det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjør oppmerksom på at i henhold til ny offentlighetslov kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om ikke å bli oppført på søkerlisten. Søkere vil bli varslet dersom slik anmodning ikke tas til følge.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringer i stillingen sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Det er derfor et personalpolitisk mål å oppnå en balansert alders- og kjønnssammensetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsatt funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er en IA bedrift.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Oded Ben-Horin, 53 49 14 56 / 468 41 978

2) Førsteamanuensis Silde Valde Onsrud, 55 58 57 84 / 415 77 780

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS