Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Stipendiat - Leiing av skule- og barnehageutvikling

Søknadsfrist: 26.01.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein midlertidig stilling som stipendiat i temaet «Leiing av skule- og barnehageutvikling». Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunn.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Om stillinga:

Stipendiatstillinga er knytt til forskargruppa leiing i og av utdanningssystemer, og skal rettast mot kollektive læringsprosessar i skular og/ellerbarnehagar.

Stipendiaten kan rette søkelys på organisasjonsutvikling, lærande skular og barnehagar (lærande organisasjonar), leiing av faglege diskursar om læreplanar og skular eller barnehagar sin praksis, leiing av profesjonsutvikling eller kapasitetsbygging i skular eller barnehagar.

Fokusområde kan være rektor- eller styrarnivå, men og leiargrupper eller leiarteam i kommunar, skular eller barnehagar eller vidare definerteutdanningssystem. Fleire empiriske felt kan vere interessante, men etter- og vidareutdanning av lærarar er et viktig satsingsområde for HVL, og vi oppmodar difor søkjarar til å vurdere om det kan være aktuelt å utforske problemstillingar innanfor dette feltet (valet av dette tema er likevel ikkje etvurderingskriterium).

Arbeidsstaden er campus Bergen, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsområde:

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet. Stipendiaten kan ha kontorplass i Sogndal, Bergen eller Stord, etter eige ønske.

Varigheit:

Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskeleg forlengast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisning bli fordelt over alle åra. Det vil bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Kvalifikasjonskrav:

Stipendiaten må ha mastergrad/hovudfag i pedagogikk, organisasjon og leiing, skuleleiing eller liknande utdanning som har gjeve forståing forog kunnskap om utdanning og leiing som kollektivefenomen.

Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektskildring på inntil fem sider, som presenterer tema, problemstilling og val av teori for eit potensieltprosjekt. Denne blir brukt til vurdering av kvalifikasjonen til kandidaten, og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Søkjarar kan få nokorettleiing på skissa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med rettleiarane.

Stipendiaten må bli tatt opp ved doktorgradsprogrammet "Studiar avdanning og didaktiskepraksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergrada. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter tilsetting. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av høgskulen innan 3 månadar etter at du har tatt til i stillinga.

Stipendiaten bør meistre både kvantitative og kvalitative forskingsstrategiar. Det er ein føremon med kjennskap til teoriar om vaksne si læring i arbeidslivet. Praktisk erfaring som leiar i skular, barnehagar eller utdanningssystemet kan vere relevant. Vitskapleg produksjon kan bli vektlagt.

Personlige eigenskapar:

Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgaven/hovedfagsoppgaven, ev. vitenskaplege arbeid de ønsker å ha med i vurderinga (ikke fleire enn 5), fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkyndig utval. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik anmodning ikkje vert tatt til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er en IA bedrift.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instiuttleiar, Erik Bulie, ebu@hvl.no, 53 49 14 15

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS