Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i IKT læring - inntil to mellombelse stillingar

Søknadsfrist 19. august 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to mellombelse stillingar frå 01.08.18 – 31.07.19 ved Fakultet for lærarutdanning, idrett og kultur, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag. Den eine stillinga kan ev. delast i to halve stillingar. Arbeidsstad ved ein av våre campus i Bergen, Stord eller Sogndal. Det må påreknast noko reising i stillingane. Vi søkjer personar som kan bidra med fagleg, kreativ og innovativ kompetanse innretta mot arbeid i skule og barnehage.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ansvars- og arbeidsområder

Stillingane vil primært bli knytt til arbeid på masterstudiet IKT i læring, grunnskulelærarutdanningane og etter- og vidareutdanningane ved instituttet. Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, vurdering og anna oppfølging av studentar. Masterstudiet IKT i læring og ei rekkje vidareutdanningar er samlingsbaserte studium med faste samlingar, medan grunnskulelærarutdanningane har fast frammøte for studentane på kvar campus. Masterstudiet IKT i læring har faste samlingar på Stord.

Arbeid med etterutdanningsbasert kompetanseheving i skule og barnehage kan bli aktuelt. Dette arbeidet er i hovudsak lokalt basert i kommunane. Avhengig av søkjarane sin kompetanse og instituttet sitt behov vil oppgåver og ansvar bli avtala nærmare.

Kvalifikasjonskrav

Det er ønskjeleg at søkjarane har doktorgrad eller førstelektorkompetanse innanfor pedagogisk eller samfunnsvitskapeleg fagområde. Dersom det ikkje meldar seg søkjarar med førstekompetanse, kan tilsetjing som høgskulelektor bli aktuelt.

Høg digital realkompetanse og kompetanse som er relevant frå pedagogisk bruk av IKT i undervisning og læringssamanheng er nødvendig. Søkjarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt kunne bruke engelsk skriftleg. Stillingane krev gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.

Følgjande vil telje positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå forskings- og utviklingsprosjekt der bruk av digitale læringsverktøy har vore sentralt.
  • Pedagogisk kompetanse og relevant undervisningserfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.
  • Kunnskap om og erfaring frå fleksibel og nettbasert læring

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Det kan bli aktuelt med ei kort prøveforelesing.

Søkjar må oppgi i søknaden kva stillingsstorleik ein ynskjer og ynskje om arbeidsstad.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga” på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Lønnsvilkår

  • Førsteamanuensis blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1011.
  • Førstelektor blir lønt etter Statens regulativ, stillingskode 1198
  • Høgskulelektor blir lønt etter Statens regulativ kode 1008.
  • Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse

Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med høve til kompetanseheving - og utvikling
  • Høve til trening i arbeidstida

Det er mogeleg å få dekka flyttekostnader jf. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersonar

  • Assisterande instituttleiar Erik Bulie, tlf. 53491415 eller ebu@hvl.no
  • Studiekoordinator Svein Ove Lysne, tlf. 53491377 eller SveinOve.Lysne@hvl.no

Søk denne stillinga

Powered by Labrador CMS