Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgiver etter- vidareutdanning og oppdrag (EVO) - Bergen

Søknadsfrist: 19.01.2020

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for læararutdanning, kultur og idrett, Eining for strategiske satsingar har ledig stilling som rådgivar

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig fast 100% stilling som rådgjevar, Etter-, vidareutdanning og oppdrag (EVO)

Stillinga er lagt under Eining for strategiske satsingar som saman med institutta har hovudansvar for organisering og utvikling av EVO-aktiviteten i fakultetet.

Arbeidsstad: Campus Bergen

Oppstart: så raskt som mogeleg/etter avtale

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Rådgjevaren vil få ansvar for oppgåver som til ei kvar tid er aktuelle innan FLKI si EVO-portefølgje, som til dømes:

  • Administrativ støtte knytt til oppdrag- og betalingsstudier- Markedsføring, budsjett, kundekontakt, praktisk gjennomføring m.m.
  • Initiering og planlegging av prosjekt og aktivitetar - herunder budsjett og kontrakt - Koordinere/vere kontaktperson ift, opptak, oppstart,etc
  • Kontakt med relevante samarbeidspartnarar regionalt og nasjonalt
  • Utvikle samarbeidsrelasjonar internt og eksternt - Følgje opp fagmiljø gjennom prosjeketperioden, jobbe tverrfagleg
  • Arbeid med tilbod og anbod, ordinærfinansierte vidareutdanningar og deler av den nasjonale oppdragsportefølja.

Kvalifikasjonskrav:

Til stillinga vert det stilt krav om høgare utdanning med minimum bachelorgrad, og fortrinnsvis mastergrad.

  • God kjennskap til UH-sektoren og samarbeidet med praksisfelta (skule og barnehage) er eit føretrinn

Ønska kvlaifikasjonar:

  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Må kunne arbeide sjølvstendig,
  • Ta initiativ
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Stå-på-vilje
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) studieprogramansvarlig Osvald Lykkebø, telefon: 57 67 60 17 /930 44 206, e-post: osvald.lykkebo@hvlno

2) prodekan Sigurd Sandvold, telefon: 53 49 15 25 / 900 67 536, e-post: sigurd.sandvold@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS