Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

HMS - rådgjevar

Søknadsfrist: 18.08.2019

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for HR har ledig mellombels stilling for 1 år som HMS-rådgjevar.

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem kampusane. Avdelinga skal arbeida tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området. Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

Høgskulen på Vestlandet skal i 2020 gjennomføre arbeidsmiljøkartlegginga ARK i organisasjonen. Det vil difor i denne perioden vere behov for å styrka HMS-faggruppa.. Den mellombelse stillinga vil ha eitt års varigheit.

Den som vert tilsett vil hovudsakleg ha arbeidsoppgåver knytt til den daglige drifta, men kan i tillegg få arbeidsoppgåver knytt til ARK-kartlegginga.

Arbeidsplassen er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Generelt HMS-arbeid, inklusiv saksbehandling knytt til den daglige drifta
  • Deltaking i prosjektorganisasjonen til arbeidsmiljøkartlegginga og evt andre prosjekt ved avdelinga
  • Generelt analyse-, rapportering og utgreiingsarbeid
  • Sekretærfunksjon og referatskriving
  • Leiarstøtte innan HMS-fagfeltet, mellom anna vernerundar, sjukefraværsoppfølging og IA-arbeid
  • Kontakt med bedriftshelseteneste og andre samarbeidspartnerar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Søkjarar må ha relevant utdanning på bachelornivå, helst mastergrad
  • Det er ønskjeleg med erfaring i HMS- og IA-arbeid
  • Gode kunnskapar i relevant lov- og avtaleverk
  • Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformar og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, effektivt og målretta
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Initiativrik og engasjert
  • Fleksibel og serviceinnstilt
  • Raus og inkluderande

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som HMS-rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingleiar Avdeling for HR, Wenche Fjørtoft, telefon +47 57 67 61 20 eller mobil +47 415 59 822

2) Fagansvarleg IA/ HMS Elin Ekkjestøl, telefon +47 55 58 77 54

Søk stilling

Powered by Labrador CMS