Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

HMS - rådgjevar (Campus Stord)

Søknadsfrist: 05.05.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som HMS-rådgjevar ved Avdeling for HR, campus Stord.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord, er det ved Avdeling for HR ledig ei fast stilling som rådgjevar innan området HMS/IA. Avdeling for HR er organisert under organisasjonsdirektør, og stillinga rapporterer til avdelingsleiar for HR. Fageining for HMS/IA består av 9 stillingar fordelt på fleire campus.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem campusane. Avdelinga skal arbeida tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området. Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

Arbeidsplassen er campus Stord.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåver knytt til stillinga vil i hovudsak vere:

  • overordna HMS-arbeid som mellom anna drift av AMU, støtte og tilrettelegging av arbeid i vernetenesta, internkontroll og risikoanalyse
  • Inkluderande arbeidsliv, mellom anna leiarstøtte innan sjukefråværsoppfølging
  • støtte til leiarar i personal- og konfliktsaker
  • generelt analyse-, rapportering og utgreiingsarbeid
  • Sakshandsaming innan HMS og IA-området
  • Kontakt med bedriftshelsetjeneste og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Søkjarar må ha relevant utdanning på bachelornivå, helst masternivå
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring frå HMS og IA-arbeid vil bli vektlagt
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå personal- og konfliktsaker og samtalemetodikk
  • Gode kunnskapar i relevant lov- og avtaleverk
  • Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformar

Personlige eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, effektivt og målretta
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Initiativrik og engasjert
  • Fleksibel og serviceinnstilt
  • Raus og inkluderande

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og -utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskoda 1364 - seniorrådgjevar vurderast.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(-ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Avdelingsleiar Wenche Fjørtoft, telefon +47 57 67 61 20 eller mobil +47 415 59 822

2) Fagansvarleg for IA/HMS Elin Ekkjestøl, telefon +47 55 58 77 54

Søk stilling