Stilling:

Prosjektleiar - arealutvikling

Søknadsfrist 10. februar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei fast 100% stilling som seniorrådgjevar - prosjektleiar ved Avdeling for arealforvaltning, drift og utvikling, eining for utvikling og prosjekt.

HVL disponerar 130 000 m2 på fem ulike campus og har nye bygg under oppføring. Stillinga er i første rekkje knytt til ansvar for prosessen rundt innflytting i nybygget K2 og tilhøyrande prosessar på Campus Kronstad, men vil og bidra i arbeidet med generell utvikling og prosjektleiing innan HVL sin samla arealportefølje.

Stillinga er knytt til eining for utvikling og prosjekt under Avdeling for arealforvaltning, drift og utvikling (ADU). ADU samarbeider tett med våre utdannings-, forskings- og andre administrative miljø i utviklinga av institusjonen HVL. Vi ser etter ein medarbeidar som kan sikre leiinga gode arealanalysar, basert på god forståing av rammevilkår, tilsette sine arealbehov, og kjennskap til måtar å møte slike behov på. Den som får jobben kan i tillegg kommunisere godt med ulike interessentar og ta del i ulike prosessar i arbeidet med å utvikle areal. Kjennskap til kompetansetunge verksemder er ein fordel.

Ansvars- og arbeidsoppgaver:

  • Ansvar for innflyttingsprosessar og tilrettelegging i innflytting i nybygg K2.
  • Kartlegging og analysar for utvikling av arbeidsplasskonsept og campusutvikling.
  • Leiing av arbeidsgrupper og dialog med brukargrupper.
  • Samarbeid med interiørarkitekter og prosjektleder for K2.
  • Prosessleiing og prosessrådgjeving.
  • Generell prosjektleiing.
  • Utviklingsoppgåver.
  • Samarbeid med arealfrovaltninga ved HVL.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan økonomi, organisasjon eller teknologifag, med høg relevans for det utlyste fagområdet. Søkjarar med mindre enn femårig høgare utdanning, men med særs relevant erfaring vil også bli vurderte.I tillegg må søkjar ha:

  • Erfaring frå samordning av eigar- og brukarinteresser i byggeprosjekt.
  • Erfaring frå endringsprosessar og forhandlingar.
  • Erfaring frå utgreiing og analysearbeid

Følgjande kvalifikasjonar vil bli særleg vektlagt:

  • Faglege kvalifikasjonar innan det utlyste området.
  • Analytisk og praktisk, med gode kommunikative ferdigheiter

Det er vidare ein føresetnad at den som blir tilsett, har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen.Personlege eigenskapar: Den som vert tilsett må ha evne til relasjonsbygging, gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar, og god munnleg og skriftleg framstillingsevne. I tillegg må den som vert tilsett vera analytisk og pragmatisk.

Vi tilbyr:

Stillinga er løna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode seniorrådgjevar - 1364. Frå løna vil det verta trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merkt ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder attester og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjar vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen. Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspegle mangfoldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd. Heimeside

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Endre Laastad, telefon 55 58 76 43

2) Prosjektleiar Knut Erik Kismul, telefon 99 23 24 73

Søk stilling

Powered by Labrador CMS