Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Seniorkonsulent i studieadministrasjonen - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (campus Bergen)

Søknadsfrist: 17.11.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei  fast stilling i 100% som seniorkonsulent i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Til stillinga ligg ansvar for utdanningskvalitet med vekt på studierettleiing og saksbehandling, primært tilknytt grunnskulelærarutdanningane. Andre viktige oppgåver vil vere organisering av aktivitetar i studieprogrammet, kvalitetssikring av studieprogram og emne og utviklingsoppgåver knytt til strategiske satsingar som t.d. internasjonalisering. Stillinga krev stor grad av sjølvstende og gode samarbeidsevner.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing av studenter og tilsette i studieadministrative saker
  • Sjølvstendig saksbehandling
  • Koordinerande oppgåver og praktisk tilrettelegging i studieprogramma
  • Informasjonsarbeid og samhandling mellom fleire einingar i og utanfor fakultetet
  • Arbeid med studie- og emneplanar
  • Utviklingsoppgåver og arbeid med kvalitetssystem og rutinar

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå
  • Relevant arbeidserfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Kjennskap til lærarutdanningane
  • Erfaring frå utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, ryddig og ansvarleg
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Utviklingsorientert og fleksibel
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentleglova kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Heimeside

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Eli Borsholm, studieadministrativ leiar tlf: 55 58 59 57 / 92 02 91 50

2) Gunn Haraldseid, prodekan for utdanningskvalitet, tlf. 52 70 27 58 / 91 17 51 30

3) Trude Myklebust, teamleiar studie, tlf. 55 58 59 74

Søk stilling

Powered by Labrador CMS