Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førstekonsulent - rekneskap (Avdeling for økonomi)

Søknadsfrist: 28.04.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for økonomi er det ledig ei stilling som førstekonsulent innan rekneskap.

Om stillinga:Stillinga er ein del av avdeling for økonomi som er leia av avdelingsleiar. Til området ligg ansvar for HVL sin samla økonomifunksjon. Stillinga har særskilt ansvar for rekneskap med eigen fagleiar.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


HVL si Avdeling for økonomi er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til det ligg ansvaret for HVL si samla økonomifunksjon, arealforvalting, drift og prosjektoppfølging. Til området ligg også verksemdsstyring og internrevisjon.

Arbeidsplassen er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Rekneskapskonsulent har følgjande oppgåver:

  • Ansvar for bilagshandtering i bestillings- og fakturagodkjenningssystemet (forkontroll/ etterkontroll/ registrere leverandører ol.)
  • Opplæring og støtte i fakturagodkjenningssystemet
  • Inntektsføring/ effektuere utgåande faktura i økonomisystemet
  • Driftsoppgåver innanfor rekneskapsområdet (remittering, bokføring og internfakturering)
  • Avstemmingsoppgåver
  • Superbrukar i bestillings- og fakturagodkjenningssystemet/ tilgangskontrollar
  • Mva oppfølging/rapportering
  • Oppfølging av inkassosaker
  • Andre rekneskapsoppgåver

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • Relevant høgare utdanning på minst bachelornivå
  • Ei føremon med erfaring frå rekneskapsarbeid, men nyutdanna kan og søke
  • Relevant arbeidserfaring/ realkompetanse kan kompensere for utdanning
  • God digital kompetanse
  • Erfaring frå offentleg sektor er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert og sjølvstendig
  • God formidlingsevne skriftleg og munnleg
  • Løysingsorientert
  • Positiv og gode samarbeidsevner

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Karianne Bergheim, telefon +47 57 67 63 06

Søk stilling

Powered by Labrador CMS