Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Instituttleiar for Institutt for helse og funksjon

Søknadsfrist: 17.11.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig stilling som instituttleiar for Institutt for helse og funksjon. Åremål for perioden 1.1.2020 til 31.12.2023.

Stillinga som instituttleiar er på åremål og vert lyst ut for perioden 1.1.2020 til 31.12.2023. Stillinga har hovudarbeidsstad i Bergen. Noko reiseverksemd mellom HVL sine campus må påreknast.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking. Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Institutt for helse og funksjon

Ved Institutt for helse og funksjon er vi omlag 60 tilsette og 580 studentar med studiestad i Bergen. Vi har bachelorutdanningar i ergoterapi, fysioterapi og radiografi. I tillegg har vi også masterstudium i klinisk fysioterapi med tre studieretningar og tverrfaglege vidareutdanningar. Forskning og formidling knytt til desse fagområda og utdanningsforsking er ein viktig del av arbeidsoppgåvene våre.

Om stillinga

Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttet og dei tilsette ved instituttet.

Instituttleiar skal, som fagleg ansvarleg, leggje til rette for at instituttet sine hovudfunksjonar - utdanning, forsking og utvikling, innovasjon og formidling - held høg kvalitet.

Instituttleiar har ansvar for at instituttet sine ressursar blir nytta på ein effektiv måte og at dette skjer i samsvar med tildelt budsjett og fakultetet sine målsettingar og strategiske føringar. Instituttleiar har òg ansvar for at forvaltningsoppgåver vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er tråd med god forvaltningspraksis.

Instituttleiar rapporterer til dekan.

Institutt for helse og funksjon har elles fem fagseksjonar som kvar vert leia av ein fagseksjonsleiar. Fagseksjonsleiarane rapporterer til instituttleiar.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sine fagområde
  • Leie arbeidet med å tilpasse fagområda ved instituttet til samfunnet sine behov og utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå, og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på PhD-nivå
  • Ansvar for at instituttet sine økonomiske råmer vert haldne, samt god og føremålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
  • Overordna personal- og HMS-ansvar for tilsette i instituttet
  • Bidra til at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte studentar og tilsette
  • Stimulere instituttet sitt personale til kompetanseutvikling og til å utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet
  • Ha ei aktiv haldning til digital utvikling i kommunikasjon med tilsette og som element i utdanning og forsking
  • Stimulere til at dei tilsette aktivt formidlar instituttet si kunnskapsutvikling
  • Ansvar for at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass
  • Leggje til rette for, og fremje samarbeid, på tvers av einingane i institusjonen
  • Arbeide for internasjonalisering og innovasjon i utdanning og forsking
  • Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på sitt institutt
  • Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde.

Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare grads utdanning (master eller hovudfag), helst førstekompetanse, med relevans for stillinga
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor fagseksjonen sitt område er ønskjeleg
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt

Generelle kompetansekrav:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God pedagogisk kompetanse
  • Erfaring frå og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å byggje tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Stor arbeidskapasitet
  • Må kunne handtere komplekse utfordringar
  • Erfaring med endringsarbeid er ein føresetnad
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg, attestar og vitnemål, er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til einskildpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som fagseksjonsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473.

Medlemskap i Statens pensjonskasse, innskotet er 2% og blir trekt frå løna.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Dekan Randi Skår, e-post: randi.skar@hvl.no, tlf.: +47 951 46 987

Generell informasjon:

Offentleglova tillet at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS