Stilling:

Professor / Førsteamanuensis i organisasjon og leiing

Søknadsfrist 14. september 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger.

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig fast stilling i 100 % som professor i organisasjon og leiing ved Institutt for økonomi og administrasjon, campus Bergen. Dersom ingen er kvalifisert som professor vil det vurderast å tilsette i stilling som førsteamanuensis.

Instituttet er knytt til Fakultet for økonomi- og samfunnsvitskap (FØS). Fakultet har om lag 120 tilsette og om lag 2000 studentar. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt fordelt på 3 ulike campus. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan økonomifag, organisasjon og leiing, andre samfunnsvitskaplege fag, samt maritime studiar.

Ved Institutt for økonomi og administrasjon (IØA) er vi om lag 80 tilsette og 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen, Haugesund og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanning i økonomi og administrasjon, økonomi og jus, eigedomsmekling, reiselivsleiing og natur- og opplevingsbasert reiseliv. IØA har og eit masterstudium i innovasjon og leiing og tilbyr fleire etter- og vidareutdanningar. Ved Institutt for økonomi og administrasjon er det no ledig stilling i 100 % som professor.

Dersom ingen er kvalifisert som professor vil det vurderast å tilsette søkar i stilling som førsteamanuensis.

Stillinga blir knytt til undervisning på bachelor- og masternivå og til forsking innan fagfeltet. I dag tilbyr instituttet en fordjuping i administrasjon og leiing innanfor Bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. Innanfor fordjupinga er det lagt til rette for å ta 5. semester ved utdanningsinstitusjonar i utlandet, med spesialisering i innovasjon og leiing og internasjonal leiing. I tillegg leverer fagmiljøet undervising til masterstudiet i innovasjon og leiing, samt etter- og vidareutdanning.

Dersom HVL får akkreditert doktorgradsundervisning i "Responsible innovation and Regional Development", kan det bli aktuelt å også knyte undervising og forsking opp mot denne.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning innan fagområdet på alle utdanningsnivå
  • Forsking innan fagområdet
  • Veiledning av bachelor-, master- og evt. PhD-oppgaver
  • Fagutvikling innan fagområdet

Kvalifikasjonar

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen (organisasjon, leiing, HRM, organisasjonspsykologi, sosiologi evt. annen relevant retning)
  • Gode pedagogiske evner
  • Gode samarbeidsevner
  • Ønskte kvalifikasjonar
  • Utdanningserfaring
  • Forsking knytt til fagfeltet
  • Erfaring med digitalisering for organisering og leiing

Personlige eigenskapar

  • Kollegial
  • Metodisk
  • Nysgjerrig

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Undervisningsspråket er norsk. Søkjarar som ikkje meistrer norsk eller eit anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tilsetjingsdato.

Sakkyndig vurdering

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av en sakkyndig komité.

Bedømming skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 15 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder vitskapleg arbeid (inntil 15stk.), fullstendig publikasjonsliste, attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadene blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr

Stillinga som professor/ førsteamanuensis er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1013/1011.

Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Moglegheit for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Generell informasjon

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne.

Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Heimeside

Kontaktperson(er) ved Høgskulen på Vestlandet er

  • Instituttleiar Tom Skauge, tlf. 55 58 77 30, Mobil 916 06 803
  • Assisterande Instituttleiar Eli Lindblad Rem, tlf. 55 58 77 16, Mobil 905 41 561

Søk stilling