LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat - SEMPER

Søknadsfrist: 01.10.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig 1 stilling som stipendiat innan forskingsprosjektet SEMPER ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Sogndal er det ledig eit tre-årig stipendiat knytt til forskingsprosjektet SEMPER - Self-Efficacy in Mathematics, Pathways in Education and Research.

Ph.d. kandidaten vil jobbe innan forskingsprosjektet SEMPER saman med erfarne og internasjonale forskarar, andre Ph.d. /Post Doc kandidatar og masterstudentar ved HVL. Stipendiatstillinga vil vere tematisk knytt til utviklinga av elevars meistringsforventningar og prestasjonar i matematikk over tid og/eller klasseromsinteraksjonar som støtter denne utviklinga. Stipendiatprosjektet må kobles på forskningsprosjektet SEMPER og samtidig vere tematisk relevant for fakultetet sitt ph.d.-program Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Fakultetet si forsking er organisert i tre forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 50 operative forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER.

Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 70 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptaktskrav for programmet HER.

SEMPER er eit samarbeidsprosjekt med University of Oxford, Universitetet i Stavanger og praksisfeltet i Sunnfjord kommune, finansiert av Norges forskningsråd for perioden 01.09.2023 - 31.08.2027.

Overordna målsettingar for SEMPER er å utvikle kunnskap om ungdomsskuleelevars læringsprosessar i matematikk, samt å undersøke effektar av ein intervensjon på lærarars tilpassa undervisning samt elevars utvikling. Underordna målsettingar som er relevante for stipendiatstillinga er å

1) undersøke individuelle variasjonar i elevars utvikling av meistringsforventningar i matematikk og det gjensidige førehaldet mellom meistringsforventningar og prestasjonar, samt kva faktorar på individ- og gruppe-nivå som er assosiert med disse prosessane,

2) undersøke førehaldet mellom elev-lærar interaksjonar og utviklinga av elevars meistringsforventningar og prestasjonar medan elevane lærar nye tema i matematikk.

Innanfor rammene av desse målsettingane vil følgjande tematiske innrettingar vere spesielt aktuelle for stillinga: Forsking på elevars læringsprosessar i matematikk, inkludert deira sjølvoppfatningar, prestasjonar og kognitive attribusjon av deira prestasjonserfaringar. Klasseromsforsking inkludert observasjonar av lærar-elev interaksjonar, til dømes emosjonell støtte og instruksjonsstøtte. Medan forskingsprosjektet SEMPER inkluderar breiare tema og målsettingar, skal stipendiatprosjektet fokusere på avgrensa tematikk innan SEMPER prosjektet, primært inkludert eit fokus på lærar-elev interaksjonar og deira samanheng med elevars lærings- og motivasjons-prosessar i matematikk.

Fleire datakjelder vil bli samla inn gjennom SEMPER, inkludert spørjeskjema (elevar), systematisk klasseromsobservasjon, testar i matematikk og intervju (elevar og lærarar). Ytterlegare datakjelder kan vurderast for stipendiatstillinga, men stipendiatprosjektet bør inkludere data frå systematisk observasjon og/eller spørjeskjema. I samråd med ytterlegare datainnsamling må byrden på deltakarane vurderast og balanserast med den forventa meirverdien til stipendiatprosjektet og SEMPER. Avhandlinga skal vere artikkelbasert, inkludert artiklar publisert i internasjonale tidsskrift.

Det er gjort tilgjengeleg ein meir utfyllande omtale av forskingsprosjektet SEMPER med tanke på innretting av stipendiatstillinga, og kandidatar blir oppmoda om å ta utgangspunkt i denne for utforming av prosjektbeskrivinga. Omtala er tilgjengeleg etter førespurnad til prosjektleiar for SEMPER (karin.street@hvl.no).

Varigheit:

Samla stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskeleg forlengast til fire år dersom kandidaten har eit høgt nivå i norsk eller eit anna Skandinavisk språk (Svensk eller Dansk). I så tilfelle vert 25 % av tida pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon ved HVL. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisning bli fordelt over alle åra. «Høgt nivå» vert her forstått som tilsvarande B2 eller høgare.

Hovudrettleiar for stipendiaten vil arbeide ved FLKI, HVL. Arbeidsplassen er HVL, campus Sogndal, Norge. Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar, der eit mål er å bidra inn i eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Det er ønskeleg med tiltreding 01.12.2023, eller etter avtale.

Ansvars- og arbeidsområde:

I tilsettingsperioden vil stipendiaten gjennomføra treningsprogrammet for Ph.d. kandidatar, og skrive ein doktorgradsavhandling i form av forskingsartiklar. Som del av prosessen mot å fullføre avhandlinga er det forventa at kandidaten, mellom anna, arbeidar med å organisere og gjennomføre datainnhenting, skåre observasjonsdata, behandle og analysere spørjeskjema, og presentere preliminære resultat i nasjonale og internasjonale fora.

Ph.d. kandidatar må utvikle og levera ei endeleg prosjektskisse innan tre månader etter oppstart av stillinga, som utgangspunkt for opptak på ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved HVL. Stipendiatprosjektet må passe inn tematisk og logistisk med det vidare SEMPER prosjektet, og kandidaten vil få støtte frå rettleiar og/eller andre prosjektdeltakarar i utviklinga av den endelege skissa.

Kvalifikasjonskrav:

Stipendiaten må ha mastergrad/hovudfag eller tilsvarande i fagområde med relevans både for opptak til ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar og for prosjektet SEMPER. Dette inkluderar primært utdanningspsykologi eller matematikkdidaktikk, men spesialpedagogikk og andre fagområde innan pedagogikk og/eller psykologi kan også vere relevante.

Stipendiaten må kunne dokumentera kompetanse frå arbeid med kvantitative data og analysar.

Søkaren må ha høg kompetanse i engelsk, skriftleg og munnleg. Høg kompetanse i Norsk (B2 eller høgare) er eit føremon, men ikkje eit krav for stillinga.

Stipendiaten må bli tatt opp ved ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved FLKI. Det er difor ein føresetnad at stipendiaten fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med tilsvarande karakter A eller B på mastergraden (dette gjeld både masteroppgåva og gjennomsnittskarakter på emna i masterutdanninga). Søknad om opptak til ph.d.-programmet skal ikkje sendast før etter at du har tatt til i stillinga.

Søkaren må leggje ved eit dokument på inntil seks sider (i tillegg til kjeldeliste) med ei førebels prosjektskildring for stipendiatstillinga. Prosjektskildringa skal presentere tema, problemstilling, eit oversyn over aktuell forskingslitteratur med relevans for temaet, val av teori, metodisk tilnærming og framdriftsplan. For å vere formelt kvalifisert til stillinga må kandidaten i denne skildringa vise sjølvstende og evne til å formulere eit relevant ph.d.-prosjekt innanfor rammene av og med utgangspunkt i det eksisterande prosjektet SEMPER. (Dette vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa til ph.d.-programmet. Endeleg prosjektskisse skal vere godkjent av høgskulen innan 3 månadar etter at du har tatt til i stillinga.) 

Følgjande tel positivt:

For å rangere kandidatar som tilfredsstill kvalifikasjonskrava over, vil følgjande kriterie telje positivt:

  • Kvalitet i prosjektbeskrivinga, til dømes med tanke på effektiv utnytting av datakjelder. Tematisk relevans og forskingskvalitet av denne skissa vert vurdert av ein komité, og prosjektskildringa er sentral i å rangere kvalifiserte kandidatar.
  • Erfaring med kvantitative analyseprosesser relevante for prosjektet (til dømes faktoranalyse, stianalyse, vekstanalyse, fleirnivåanalyse) og program for databehandling (til dømes SPSS, MPlus, R).
  • Erfaring med systematisk observasjon (til dømes CLASS frå Teachstone, eller liknande observasjonsmanualar).
  • Erfaring frå norsk skulesystem, til dømes i samanheng med undervisning eller forsking.

Personlege eigenskapar:

Stipendiaten må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap, kunne ta initiativ og vere fleksibel og løysingsorientert. Høg etisk medvit er påkravd, samt gode organisatoriske evner. Kandidaten må vere personleg eigna for stillinga.

Aktuelle kandidatar blir invitert til (digitalt) intervju der presentasjon av prosjektskissa inngår.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåve/hovudfagsoppgåve
  • inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • prosjektskildring
  • attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54 / NOK 532 200,-. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Instituttleiar Jan Helge Kallestad, +47 55 58 59 43, Jan.Helge.Kallestad@hvl.no
  • Prosjektleiar for SEMPER Karin Elisabeth Sørlie Street, +47 57 67 61 58, karin.street@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS