LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat innan rekruttering av studentar til lærarutdanningane

Søknadsfrist: 15.01.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 630 studentar og 553 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Stipendiat

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei åremålsstilling som stipendiat innan rekruttering av studentar til lærarutdanningane ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Om stillinga:

Stillinga er knytt til Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering (NPL), som har som mål at fleire søkjer lærarutdanning og startar i yrket. I tett samarbeid med UH-institusjonar, barnehage- og skuleeigar, studentar og andre relevante aktørar er målet for NPL å utvikla nasjonale og regionale tiltak for god rekruttering til lærarutdanning og læraryrke. Forskingsteamet i prosjektet omfattar i dag ein postdoktor, ein professor II og ein forskingskoordinator. Prosjektet vil styrke det forskingsbaserte og kunnskapsutviklande arbeidet, og lyser ut ei stilling som stipendiat. 

Stipendiatstillinga vil forske på rekrutteringstiltak og -strategiar for lærarutdanningane med vekt på barnehagelærarutdanningane. «Flere lærere i barnehage og skole: Strategi for rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket 2024-2030» synar regjeringa sin strategi for lærarrekruttering og er eit sentralt dokument i arbeidet. 

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplass ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag campus Bergen, Sogndal eller Stord i tilsettingsperioden.

Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL. 

Det er ønskeleg med tiltreding 01.03.2025.

Ansvars- og arbeidsområde:

Ansvars- og arbeidsområde:

Det er forventa at stipendiaten fullfører ein ph.d. avhandling innan tre år, basert på fagfellevurderte artiklar. Det er og forventa at stipendiaten deltek aktivt i intellektuelt og sosialt forskargruppearbeid. Dette kan innebere å vere medforfattar, å dele arbeid undervegs i seminar, verkstad og på konferansar, og det inneber å respondere konstruktivt på initiativ frå andre og sjølv vere ein drivar i miljøet. Stipendiaten vil få tildelt rettleiarar knytt til NPL, men kan også foreslå andre rettleiarar som kan inngå i eit rettleiarteam.

Det er ei føresetnad at stipendiatens prosjekt blir innretta slik at stipendiaten kan bli tatt opp på ph.d.- programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar". Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet her.

Som stipendiat vil du: 

  • Saman med forskarar delta i prosjektplanlegging og utvikling av forskingsspørsmål og analyse av data
  • Delta i både kvalitativ og kvantitativ datainnsamling om lærarrekruttering 
  • Publisere vitskaplege artiklar og annan type formidling 
  • Samarbeide med nasjonale og regionale aktørar om å utvikle kunnskap om rekruttering til lærarutdanning
  • I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventa at stipendiaten presenterer eigen forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og tidsskrift. 

Rettleiar vil saman med kandidaten utarbeide ein detaljert prosjektplan for forskarutdanninga som skal knytast til opptak ved ph.d.- utdanninga på fakultetet. Endeleg plan for doktorgradsutdanning skal være godkjent og avtalefesta seinast tre månader etter tilsetting. 

Kvalifikasjonskrav:

Søkjar må ha fullført relevant mastergrad eller tilsvarande innanfor pedagogikk eller fagkombinasjonar innanfor samfunnsvitskaplege eller humanistiske fagområde. Mastergradsoppgåva og mastergraden (120 studiepoeng eller tilsvarande) må være godkjent før søknadsfristen. 

  • Karakteren på masteroppgåva skal normalt vere B eller betre 
  • Prosjektskildring og kvaliteten på denne blir vektlagt
  • Forskingsrelevant erfaring, slik som publisering og deltaking i forskingsprosjekt frå inntil 3 siste år blir vektlagt
  • Personen som blir tilsett må dekkje krava til opptak på ph.d.-programmet "Studiar innan danning og didaktiske praksisar". For meir informasjon, sjå her
  • Søkjarar må ha gode ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt i engelsk, både skriftleg og munnleg 

Ønska kvalifikasjonar: 

  • Kjennskap til lærarutdanningar og rekrutteringsutfordringar
  • Kjennskap og interesse for kvantitativ og kvalitative forskingsmetodar

Personlege eigenskapar:

  • Ha gode samarbeids- og formidlingsevner 
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og være fleksibel
  • Evne til å arbeide effektivt og systematisk 
  • Evne til nytenking og gjennomføring
  • Bidra til eit inkluderande og internasjonalt arbeidsmiljø 

Søkjarar må levere ei førebels prosjektskildring på maksimalt fem sider (litteraturliste kjem i tillegg) som beskriv korleis søkjar ser for seg gjennomføringa av stipendiatprosjektet, med val av tema, problemstillingar, metode og plan for gjennomføring av prosjektet. Den førebelse prosjektskildringa blir brukt i vurderinga av kandidatens kvalifikasjonar og vil ikkje være den endelege prosjektskildringa. 

Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Den som blir tilsett skal søkje om opptak til ph.d.-utdanninga "Studiar innan danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. innan tre (3) månader etter oppstart. Jf. Forskrift for graden ph.d. ved HVL § 2-4. 

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. 

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
  • inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • prosjektskildring
  • attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Spørsmål om stillinga

  • Eirik S. Jenssen (Forskningskoordinator), 57 67 60 16
  • Vegard Fusche Moe (Prodekan for forsking), 57 67 60 37

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS